• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    23.09.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6376914
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Driftsoperatør / Byggdriftar - 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du erfaring med drift og vedlikehald av bygg, og ønskjer ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver? Vi i Gol kommune søkjer no etter ein kollega i eit 100% vikariat i stilling som driftsoperatørar / byggdriftarar ved avdeling for drift og vedlikehald.

Stillinga er eit vikariat med moglegheit for fast tilsetjing.

Om verksemda
Verksemd eigedom i Gol kommune har ansvar for planlegging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Verksemda inneheld:

  • Avdeling for drift og vedlikehald
  • Avdeling for reinhald
  • Prosjekt

Totalt har verksemda 35 tilsette. Du vil verte ein del av eit triveleg fagmiljø med høg kompetanse og eit sterkt engasjement for kvalitet og samfunnsansvar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av kommunale bygg og grøntareal
  • Reparasjonar og praktiske oppgåver både inne og ute
  • Eigenkontroll og oppdatering i FDV-system
  • Vedlikehald av maskinar og utstyr

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan relevant byggfag (t.d. byggdrift, tømrar, røyrleggjar, elektrikar e.l.)
  • Utvida relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
  • Erfaring med bruk av FDV-system og digitale verktøy
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B (klasse BE er ønskjeleg)

Vi ønskjer at du:

  • har erfaring med FDV system
  • tek initiativ og trivst med faglege utfordringar
  • arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
  • har god evne til å kommunisere og samhandle med ulike menneske

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Variert og meiningsfull arbeidshverdag i eit godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling og kompetansebygging
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar og lovverk

Søknad og politiattest:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!

 

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    23.09.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6376914
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune