• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4630941
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 20.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Driftsoperatør bygg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 2 stk 100 % faste stillingar som driftsoperatør bygg ved eininga Teknisk Drift. Den eine stillinga har i utgangs punktet oppmøte i Sogndal medan den andre er lokalisert i Balestrand/Leikanger, oppmøtestad vil her bli nærmare avklart i samråd med arbeidstakar.

Arbeidstakar må vera forberedt på reise/arbeide i heile kommunen ved behov.

Avdelinga drift og vedlikehald har 3 utestasjonar med formenn på kvar stad og ca. 16 årsverk med driftsoperatørar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg med tilhøyrande uteområde. 
  • Oppgåvene vil være delt mellom drift av tekniske anlegg, førefallande vedlikehald og vedlikehaldsprosjekt. Dette inkludera både planlegging og utføring. 
  • Bygningsmassen består av skuler, barnehagar, helsebygg, administrasjonsbygg, utleigebustader mm.

 Kvalifikasjonar:

  • Me søkjer primært etter personar med fagbrev som tømrar men fagbrev innan andre tekniske fag kan også være aktuelt. 
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og god teknisk kompetanse kan erstatte formell kompetanse.  
  • Søkjar må beherske office appar slik som word og excel og kunne handtere pc, mobil og nettbrett som ein del av arbeidskvardagen.  
  • Det er krav om førarkort klasse B. 
  • Førarkort på og erfaring med traktor er fordelaktig men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og løysningsorientert.
  • Imøtekommande og serviceinnstilt.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig innafor gitte rammer.

 Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtaleverket

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4630941
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 20.05.2022