Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.10.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5359532Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Driftsavtale fysioterapi 100% , nyoppretta avtale Ågotnes
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Øygarden kommune har frå før 8,5 driftsavtalar geografisk plassert i Øygarden kommune og 55% i Bergen kommune (retta spesielt mot barn)
Driftsavtale fysioterapeutane vert administrert frå eininga Helse, meistring og rehabilitering.
Kommunen har behov om å styrkje det generelle fysioterapitilbodet og spesielt tilbodet til personar med kroniske utfordringar, ein ynskjer kompetanse innan rehabilitering med ein aktiv tilnærmingsmåte.
Arbeidsoppgåver:
- Almen fysioterapi
- Rehabilitering med aktive tilnærming til pasientane.
- Individuell og gruppebasert fysioterapi
- Rettleiing til eigenmestring og fysisk aktivitet
- Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta
Kvalifikasjonar:
- Søkjar må vera offentleg godkjend fysioterapeut
- Kompetanse innan nevrologi og/eller revmatologi og rehabilitering + bruk av fysisk aktivitet som fysioterapi tiltak/behandling
- Klinisk kompetanse og erfaring med undersøking, vurdering og behandling av varierte pasientgrupper
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid på ulike nivå
- Evne til å driva privat fysioterapipraksis med avtale heimel
- Lang/variert fysioterapi praksis med oppdatert kurs/kompetanseheving vert sidestilt med masterkompetanse
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjement og serviceinnstilt
- Evne til refleksjon rundt eiga rolle som fysioterapeut og ansvarsområde, samhandling og pasientforløp
Krav om jamleg fagleg oppdatering innan fysioterapifaget
Tildeling av avtale heimel vil skje på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Alle søkjarar må legge ved relevante vitnemål, referansar og HPR-nr. Ved tildeling krev ein politiattest som nemnd i Helse- og omsorgstenestelova.
Ved tildeling vert det lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, evne til å driva privat fysioterapipraksis og det å vera personleg egna.
- Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, ASA 4313 og kommunen sitt planverk for helsetenester
Dette er nyoppretta avtaleheimel. Avtalen skal utøvast frå lokal på Ågotnes. Kommunen ynskjer å unngå nye solopraksisar, difor oppfordrar ein til at den som får avtalen inngår samarbeid med avtalefysioterapeut som driv praksis på Ågotnes. Kommunen må godkjenne lokala. Det instituttet ein avtalar å leige hjå – evt. kjøpe seg inn, må ha plass til utviding. Lokalet må ha storleik som tillet at pasientane kan få aktive tilnærming i behandlingstilbodet og at det er plass til personar med rullestol. Det må vera universell utforma tilkomst – viser elles til ASA 4313.
Kontakt: Liv Møen tlf 55096855/ 97540530
Einigsleiar for Helse, meistring og rehabilitering
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.10.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5359532Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Servicemedarbeidar kommunalt hjelpemiddellager 100% fast – Helse, meistring og rehabilitering
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar/Vernepleiar 100% fast – Blombakkane Bustader
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 100% fast, Øygarden lokalmedisinske senter
Øygarden kommune
STRAUME -
Faste helgestillinger 15% ved Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Ringevikar til institusjonskjøkken, Sundheimen
Øygarden kommune
STRAUME