Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
16.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5112084Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 04.04.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Driftsansvarleg - 100 % fast - VVA
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga
Me søker deg som har kompetanse innan VA/Prosess/Røyrleggjarfaget i den ledige stillinga som Driftsansvarleg.
I stillinga som Driftsansvarleg vil du være den som planlegg den daglege drifta i avdelinga, både på kort sikt og i dei langsiktige planane. Her vil også innkjøp og rett bruk av underleverandører være ein av dei sentrale oppgåvene.
Det er til saman tre driftsansvarlege med forskjellige ansvarsområder og ein Fagansvarleg i avdelinga, og stillinga vil inngå i leiinga for Vass og Avlaupstenesene i Alver Kommune.
Stillinga vil ikkje ha personalansvar.
Om avdeling Veg, Vatn og Avlaup
Vi er 14 tilsette som har vatn og avløp som arbeidsområde. Saman har vi ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av kommunen sine vassverk og avløpsrenseanlegg med tilhøyrande leidningsnett og infrastruktur.
Avdelinga er ein del av tenesteområdet Drift og vedlikehald som i tillegg Veg og VA omfattar avdeling for bygg- anlegg og elektro samt avdeling for reinhald. I avdelinga for Veg, Vatn og Avlaup har me ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale vegar i Alver, produksjon og distribusjon av drikkevatn samt innsamling og behandling av avlaup. Til saman er det 27 medarbeidarar i avdelinga fordelt mellom Veg og VA.
Arbeidsoppgåver
- Aktiv deltaking i avdelinga og Alver Kommunes HMS arbeid
- Dagleg planlegging av rutinemessig vedlikehald herunder eige personell, utstyr og underleverandørar
- Aktiv leiing under uforutsette hendinga i vassforsyninga og avlaupshandteringa.
- Alktiv deltaking i utviklinga av Kvalitetssystemet
- Sikre at alle aktivitetar er i samsvar med Drikkevassforskrifta samt andre relevante forskrifter og regelverk
- Bidra til å sikre forvarleg beredskap for tryggjing av drikkevassforsyninga
- Godkjenne og planlegge innkjøp til avdelinga i samsvar med gjeldande rammeavtalar
- Aktiv deltaking i implementering av nye og vedlikehald av eksisterande fagsystemer
Kompetansekrav
- Du har fagbrev eller formell kompetanse innan VA/Prosess/Røyrleggjarfaget
- Erfaring kan kompensere for formell utdanning
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse
- God kunnskap i bruk av dataverktøy
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
- Erfaring innan styring og automasjon/SD anlegg
- Relevant arbeidserfaring frå VA/Prosessannlegg
- Relevant erfaring med drifting av tekniske anlegg er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og har ei systematisk arbeidsform
- Du er ein team ledar som finn det beste i kvar medarbeidar og støtter laget
- Du er god på samarbeid og kommuniserer godt med andre
- Du tar initiativ og har god gjennomføringsevne
- Du er service- og løysingsorientert
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og bidra i eit godt team
Vi tilbyr
- Utfordrande, meinigsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente kollegaer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn og tilsetjingvilkår etter lov- og avtaleverk
- Trygg og god arbeidsplass
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
16.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5112084Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 04.04.2023