• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5368776
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.09.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Distriktsmusikar hardingfele/fele

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kulturskule er ein av dei største i regionen med over 500 elevar og 25 tilsette. Skulen fekk nytt, moderne bygg i 2020.

Vi gir undervisning i kunstfaga folkedans, teater, musikk og visuell kunst. Kulturskulen har hovudbase i eigne lokale i Førde sentrum i tilknyting til kulturhuset Førdehuset. I tillegg har kulturskulen undervisning på fleire andre lokasjonar rundt i kommunen. Kulturskulen samarbeider med ei rekke kulturaktørar i regionen, både profesjonelle og med det frivillige kulturlivet.
Les meir om skulen på www.sunnfjordkulturskule.no 

Vi har ledig:
  • 100 % fast st. som Distriktsmusikar hardingfele/fele.

Vi søker etter ein folkemusikar med relevant utdanning og erfaring, med hardingfele/fele som hovudinstrument. Som distriktsmusikar inngår du i gruppa med 8 musikarar på ulike instrument – trekkspel, fiolin, piano, song, fløyte, trompet og gitar. I regionen er det tilsett 5 folkemusikarar og totalt 20 distriktsmusikarar som er viktige samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver:
  • musikaroppdrag solo eller i gruppe der du også utviklar eigne konsertar
  • diverse konsertverksemd
  • utøvande verksemd i den kulturelle skulesekken og på omsorgsentra
  • gi undervisning av høg kvalitet tilpassa den enkelte elev/gruppe
  • arbeide etter pedagogiske/metodiske prinsipp som gjer undervisninga fagleg god, engasjerande og lystbetont for eleven
  • oppfølging av elevar og føresette
  • delta i profesjonelt læringsfellesskap på skulen gjennom møter med fagteam og kollegaer
  • skape gode rammer for presentasjonar, fellesproduksjonar og konsertar/utstillingar/framsyningar for eleven i samarbeid med kollegaer og på eige initiativ
  • kvelds- og helgearbeid må påreknast
Kvalifikasjonar:
  • utøvande studie i musikk på høgskule- eller universitetsnivå, helst med pedagogikk. Realkompetanse kan vurderast
  • relevant musikarerfaring, gjerne med danseerfaring
  • relevant pedagogisk undervisnings-/produksjonserfaring
  • politiattest
  • norsk språknivå tilsvarande B1
  • prøvespel med intervju er påkravd
  • førarkort klasse B og gjerne disponere bil
Personlege eigenskapar:
  • kreativ, engasjert og positiv pedagog og musikar
  • evne og vilje til å bygge gode relasjonar
  • god teamdeltakar med evne til å ta ansvar
  • fleksibel og løysingsorientert
  • løn og stillingskode etter gjeldande tariffavtale
  • evne til å jobbe sjølvstendig, langsiktig og strukturert
Vi tilbyr:
  • eit sterkt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
  • arbeidsmiljø prega av positivitet og entusiasme
  • løn og stillingskode etter gjeldande tariffavtale
  • Sunnfjord kommune si pensjons- og velferdsordning

Velkommen som søkar!

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5368776
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.09.2023