Bedrift
KystverketSøknadsfrist
17.08.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6002, ÅLESUND
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
3041139Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 22.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kystverket
Direktør for transport, hamn og farlei
Offentlige tjenester og forvaltning
Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.
Kystverket er no i omstilling. I ny organisering frå 01.01.2021 vil Kystverket vere funksjonsorganisert med fire ulike verksemdsområder. Vi søker no direktør for verksemdsområdet transport, hamn og farlei.
Direktør for transport, hamn og farlei har ansvar for forvalting, drift og utvikling av fysisk infrastruktur til sjøs, inklusiv overordna ansvar for Kystverkets eige reiarlag. I verksemdsområdet inngår for tida:
- transport- og mobilitetsanalysar
- utbygging av farleier med tilhøyrande planprosessar
- drift og vedlikehald av statlege fyr og sjømerker
- regelverksutforming etter hamne- og farvasslova
- planprosessar
- verkemiddelapparatet i nærskipsfarten
- tiltaks- og utviklingsanalyser for klima
- samfunnsøkonomiske analysar og forvaltingsplanarbeid
Nye og utvida oppgåver kan bli lagt til området.
Direktøren har det overordna fag-, resultat-, økonomi- og personalansvaret for heile verksemdsområdet, og er overordna leiar for avdelingane med om lag 320 tilsette. Direktøren skal systematisere og formidle overordna styringssignal frå Samferdselsdepartement og Kystdirektør, nå måla best mogleg på vegner av samfunnet, optimalisere nytte og dokumentere effektiv ressursbruk, og sikre god samhandling mellom avdelingane som inngår i verksemdsområdet. Direktøren rapporterer til Kystdirektør og inngår i den strategiske leiargruppa i etaten, og har såleis både ansvar for eige verksemdsområde og medansvar for heile etaten.
Organisatorisk lagbygging, samordning av fagmiljø og operative tenester og tilrettelegging for innovasjon, utvikling og endringskraft er sentrale oppgåver i stillinga.
Mastergrad eller tilsvarande frå universitet eller høgskule
Erfaring frå leiing og endringsleiing av komplekse verksemder
Erfaring frå digitalisering og teknologileiing
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Krav om sikkerheitsklarering på nivå hemmeleg
Vi ser etter ein engasjert, analytisk og relasjonssterk leiar med høg gjennomføringskraft. Du har solid leiarerfaring og erfaring med offentleg forvalting og statleg styring. Du er god på omstilling, er trygg i leiarrolla og har velutvikla evne til samhandling, internt og eksternt.
Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg.
Dyktige medarbeidarar og godt samarbeidsmiljø
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar
Ferieheimsordning i nokre av fyra til Kystverket
Stillinga er plassert i kode 1060 Avdelingsdirektør, lønn etter avtale.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte om å søke.
Bedrift
KystverketSøknadsfrist
17.08.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6002, ÅLESUND
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
3041139Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 22.07.2020