Detaljer

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    26.10.2020
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3184198
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Direktør for miljøberedskap

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

No er Kystverket i omstilling. I ny organisering  frå 01.01.2021 vil Kystverket vere funksjonsorganisert med fire verksemdsområder. Vi søker no direktør for det eine av desse verksemdsområda; Miljøberedskap.

Kystverket tek i vare rolla som nasjonal fagmyndigheit og har det sektorovergripande ansvaret som forureiningsmyndigheit ved akutt forureining. Direktør for miljøberedskap har ansvar for å utvikle og nytte den miljøfaglege kompetansen i eininga til å løyse desse myndigheitsoppgåvene.

Vi er på jakt etter deg som har brei leiarerfaring, som ser utviklingsmoglegheiter og er handlekraftig. Det er viktig at du er relasjonssterk, tydeleg og trygg i leiarrolla, med ambisjonar om å utvikle miljøberedskapen både nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

Direktøren har det overordna fag-, resultat-, økonomi- og personalansvar for heile verksemdsområdet med om lag 55 tilsette.

Viktige oppgåver i stillinga er å systematisere og formidle overordna styringssignal frå Samferdselsdepartement og Kystdirektør, nå måla best mogleg på vegner av samfunnet, optimalisere nytte og dokumentere effektiv ressursbruk.

Direktøren rapporterer til Kystdirektør og inngår i den strategiske leiargruppa i etaten, og har såleis både ansvar for eige verksemdsområde og medansvar for heile etaten.

I verksemdsområdet til direktøren inngår også:

  • Ansvar for å forvalte og øve både eigne og samvirkeaktørane sine ressursar
  • Utvikle og dimensjonere tenesta sett opp mot risikobilde knytt til akutt forureining i sjøareala
  • Sette i verk og leie statlege oljevernaksjonar
  • Organisatorisk lagbygging, samordning av fagmiljø og operative tenester
  • Ivareta og utvikle dei menneskelege ressursane og sørge for rett kompetanse
  • Legge til rette for innovasjon og utvikling

Nye og utvida oppgåver kan bli lagt til området.


Kvalifikasjonar

Du må ha mastergrad eller tilsvarande frå universitet eller høgskule, solid leiarerfaring og god forståing av offentleg forvalting og statleg styring

Du må ha miljøfagleg og/eller beredskapsfagleg kompetanse

Vi ønsker at du har innsikt i og erfaring frå beredskapsarbeid, og erfaring med internasjonalt arbeid

Du må vere trygg i rolla som ein til tider offentleg person. Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på både norsk og engelsk er derfor ein føresetnad.

Stillinga krev sikkerheitsklarering på nivå hemmeleg.

 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein analytisk og relasjonssterk leiar med høg gjennomføringskraft. Du er god på omstilling, er trygg i leiarrolla og har velutvikla evne til samhandling, internt og eksternt. Du er både framtidsretta, engasjert og påliteleg.

Vi tilbyr

    Viktige og interessante oppgåver knytt til samfunnsaktuelle saker på nasjonalt og internasjonalt nivå.

    Dyktige og dedikerte medarbeidarar med sterk kultur for utvikling og samhandling.

    Medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar.

    Ferieheimsordning i fleire av fyra til Kystverket.

    Stillinga er plassert i kode 1060 Avdelingsdirektør, med lønn etter avtale. Arbeidsstad er for tida Ålesund. 

    Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte om å søke.