Detaljer

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    23.11.2020
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3251622
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Direktør for digitalisering og innovasjon

 

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og klima/miljø. Her har vi ei ei brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Aukande skipstrafikk, meir aktivitet i kyst- og havområda, større klimautfordringar og ny teknologi i rask utvikling set nye og høgare krav til Kystverket. For å halde oppe og styrke dagens sjøsikkerheitsnivå, må satsinga på innovasjon og teknologi trappast opp. 

Kystverket er i omstilling. I ny organisering frå 01.01.2021 vil Kystverket vere funksjonsorganisert med fire ulike verksemdsområder i tillegg til stabar og fellesfunksjonar som er underlagt kystdirektøren. 

Vi søker direktør for den nyoppretta staben for digitalisering og innovasjon som skal koordinere og vere pådrivar for utviklingsprosjekt som gir meir effektiv drift og bidrar til betre tenester for brukarane. Direktøren rapporterer til Kystdirektøren.

Vi ser etter ein innovativ, engasjert og relasjonssterk leiar med høg gjennomføringskraft og relevant erfaring frå digitaliserings- og innovasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver

Direktøren har direkte personalansvar for om lag seks tilsette i staben for digitalisering og innovasjon. I tillegg har direktøren personalansvaret for leiaren for eininga IT og informasjonssikkerheit som har om lag 17 tilsette. Det overordna fag-, resultat-, økonomi- og personalansvaret for området ligg til direktøren.

Direktøren skal sikre ei heilskapleg tilnærming til digitaliseringsarbeidet, identifisere arbeidsprosessar og koordinere strategiske satsingar på tvers av verksemdsområda. 

Det inkluderer òg å vere pådrivar for å videreutvikle Kystverkets innovasjonskultur og skape gevinster i samsvar med Kystverkets samfunnsoppdrag og brukarbehov. 

Å vidareutvikle gode relasjonar med sentrale samarbeidspartnarar og samfunnsaktørar er òg ein del av stillinga.

Nye og utvida oppgåver kan bli lagt til området. 

Kvalifikasjonar

Vi søker ein leiar med god teknologisk innsikt, og med relevant utdanning fortrinnsvis på masternivå.
Du har leiar/prosjektleiarerfaring, gjerne frå komplekse verksemder der det å drive fram innovasjon og digitalisering har vore ein vesentleg del av stillinga. 
Det vil det vere ein fordel om du har kunnskap og erfaring med tenestedesign eller smidig prosjektmetodikk.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Stillinga krev sikkerheitsklarering på nivå hemmeleg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg med sterke innovative eigenskapar, som er god på planlegging og har stor gjennomføringskraft. Du treng å vere god på konstruktivt samarbeid og vere ein god relasjonsbyggar og inspirator. 
Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg som er Kystverket sine grunnleggande verdiar.

Vi tilbyr

Ei spennande stilling med viktige oppgåver knytt til Kystverket sine ansvarsområde, med stor betydning både nasjonalt og internasjonalt. 

Dyktige, kunnskapsrike og dedikerte medarbeidarar med ein sterk kultur for utvikling og samhandling.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar.

Ferieheimsordning i fleire av fyra til Kystverket.

Arbeidsstad er for tida Ålesund.

Stillinga er plassert i kode 1060 Avdelingsdirektør, med lønn etter avtale. 

Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke.