Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
IT-drift og -supportUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5990086Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vil du vere med og utvikle digitale løysingar for meg og deg?
Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: ProgrammerarIT-drift og -support
Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar som mellom anna ID-porten og MinID. Framover skal vi gjera våre løysingar endå betre, samtidig som vi skal utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgivning og EU-lommebok.
Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det!
No ser vi etter deg som er nysgjerrig og utforskande i teknologifaget
Som trainee vil du bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning – løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Rolla di i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskapar, interesserer og våre pågåande prosjekt. I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø med fagleg tyngde, spisskompetanse og stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode sjansar for å lære mykje og utvikle seg. No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av dei viktigaste kundane: meg og deg.
Kven er du?
Du har bachelor, master eller fagskuleutdanning innan IT med 0 - 3 års arbeidserfaring etter studiar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Me vil ha med oss folk som kan noko – og vil noko! Me jobbar mest med React i frontend og Java i backend, og det er derfor ein fordel om du har erfaring med det.Krav til norskkunnskap: B1
Som trainee i Digdir får du:
- Løn i spennet kr 500 000 - kr 620 000 etter kvalifikasjonar
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving innanfor eit av Noregs mest spennande kompetansemiljø
- Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman med dedikerte kollegaar
- Treningsrom og høve til trening i arbeidstida
- Arbeidsstad i våre lokale på Leikanger
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- Fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
Kvifor Digdir?
I traineestillinga får du sjansen til å kombinere faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid. Det gir deg fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen! Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.
Framtidsfylket traineeprogram
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland. Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
IT-drift og -supportUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5990086Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
-
Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Kommunikasjon og teknologi
Framtidsfylket AS
LEIKANGER -
Sparebank1 Sogn og Fjordane søker trainee: Forretningsutvikling
Framtidsfylket AS
FØRDE -
Fjellstrand søker trainee: Maskiningeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND -
Fjellstrand søker trainee: Elektroingeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND -
Tecno VVS søker trainee: Økonomi
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND