• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    01.03.2025
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    IT-drift og -support
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5990076
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Har du interesse for kommunikasjon og teknologi og ønsker å bidra til nasjonale fellesløysingar?

Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Kommunikasjon og teknologi

IT-drift og -support

Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar som mellom anna ID-porten og MinID. Framover skal vi gjera våre løysingar endå betre, samtidig som vi skal utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgivning og EU-lommebok.

Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det!

No ser vi etter ein trainee som vil forvalte løysingane våre og ønsker å utvikle seg

Som trainee vil du bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning – løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Rolla di i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskapar, interesserer og våre pågåande prosjekt. I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø med fagleg tyngde, spisskompetanse og stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode sjansar for å lære mykje og utvikle seg. No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av dei viktigaste kundane: meg og deg.



 

Kven er du?

Du har bachelor eller master innan kommunikasjon eller marknadsføring, gjerne med innslag av teknologifag, og 0 - 3 års arbeidserfaring etter studiar. Du har kunnskap og interesse for teknologi, og synest det verkar spennande å ivareta løysingane våre og gi støtte til nye og eksisterande kundar.

I denne rolla får du jobbe med den daglege forvaltninga av samfunnskritiske fellesløysingar og oppfølging av over 1600 offentlege verksemder og deira leverandørar. Dette er verksemder som Skatteetaten, Nav, Statens Lånekasse, Helsedirektoratet og kommunar. Det er eit pluss om du har erfaring med eller interesse for universell utforming, menneske/maskin-interaksjon og prosjektarbeid. Krav til norskkunnskap: B1

Dette vil du jobbe med:

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa bakgrunnen din, utdanning og kompetanse, men dette kan vere aktuelle oppgåver:

  • Formidle dei gode brukarhistoriene
  • Utarbeide redaksjonelt innhald og visualisering av data
  • Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar
  • Følge opp kundar og leverandørar
  • Integrasjon av tenester i fellesløysingar
  • Utarbeide og vedlikehalde teknisk dokumentasjon
  • Ivareta kundeperspektivet inn mot utviklingsteama

Som trainee i Digdir får du:

  • Løn i spennet kr 500 000 - kr 620 000 etter kvalifikasjonar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving innanfor eit av Noregs mest spennande kompetansemiljø
  • Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman med dedikerte kollegaar
  • Treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • Arbeidsstad i våre lokale på Leikanger
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar

Kvifor Digdir?

I traineestillinga får du sjansen til å kombinere faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid. Det gir deg fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen! Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.

Framtidsfylket traineeprogram

Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    01.03.2025
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    IT-drift og -support
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5990076
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS