Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Desentralisert sjukepleie

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune har avtale med Høgskulen på Vestlandet om desentralisert sjukepleie. Du har no sjansen til å søke. Oppstart er hausten 2023.

Ynskjer du å arbeide med andre menneske og å ha ein meiningsfull og variert arbeidskvardag?
Som utdanna sjukepleiar vil du få ein viktig, betydingsfull og etterspurt kompetanse.

Ved å gjennomføre desentralisert sjukepleie vil du etter fire år ha tileigna deg bachelor i sjukepleie og autorisasjon som sjukepleiar.
Undervisninga vert organisert slik at du som student kan gjennomføre delar av studiet på heimstaden medan du arbeider i helse og omsorg i Vaksdal kommune.

Kven kan søkje?
Målgruppa for studiet er vaksne studentar som arbeider i helsetenesta, og som på grunn av bustad eller livssituasjon ikkje har høve til å studere fast ved ein campus.
I samarbeid med Vaksdal kommune kan høgskulen tilby eit utdanningsopplegg som er tilpassa ein etablert livssituasjon.

Opptakskrava er

  • Generell studiekompetanse (eller realkompetanse) med krav om gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk og gjennomsnittskarakter 3 eller betre i matematikk
  • Søkjar må ha relevant yrkeserfaring i helsefagleg arbeid frå kommune eller helseføretak tilsvarande minimum 2 år (deltidsstilling reknast om til heiltid)
  • Søkjar må vera tilsett i ein kommune eller i eit helseføretak med geografisk tilknyting til studiestaden. Det er eit krav om arbeidstilknyting til studiestaden (10-50%)

Ynskjer du å søkje, men har ikkje eit fast tilsetjingsforhold i kommunen? Då er du velkomen til å trykke på "send søknad" og fortelje oss at du ynskjer å søkje på desentralisert sjukepleie. Vi vil då sjå på kva moglegheiter vi har for å kunne tilby eit fast tilsetjingsforhold i helse og omsorg.

Korleis søkjer eg?

Du søkjer direkte opptak frå høgskulen sine sider. Klikk deg inn på lenkja under for å lese meir informasjon om studiet og for å søkje

Sykepleie | desentralisert | deltid - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Søknadsfristen er 15. april.

I tillegg ynskjer vi i Vaksdal at du trykker på "send søknad" på denne annonsa. Dette for å informere kommunen om at du har søkt, og at du ynskjer å starte på desentralisert sjukepleie og teikne ein utdanningsavtale med kommunen.

Utdanningsavtale med Vaksdal kommune

Dersom du ynskjer å søkje på desentralisert sjukepleie, vil du få moglegheita til å inngå ein utdanningsavtale i Vaksdal kommune. 
Ein utdanningsavtale inneber blant anna

  • Stipend frå kommunen
    Kommunen betalar semesteravgift
  • Permisjon for å delta i undervisning, i praksis og for eksamen om dette fell i planlagt arbeidstid
  • Bindingstid etter endt studie
  • Moglegheita til å kombinere arbeid og utdanning
  • Relevant arbeid for utdanninga

Les om og søk plass på desentralisert sjukepleie hos høgskulen her: Sykepleie | desentralisert | deltid - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Trykk på "send søknad" for å fortelje kommunen at du har søkt.

Har du søkt på stillingar hos Vaksdal i EasyCruit tidlegare er brukarnamnet ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp eller har spørsmål kan du venda deg HR på tlf 95 52 75 04 eller e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no