Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
15.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5561, BOKN
BOKN
Antal befattningar
1Karriere-kod
6702278Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Dekkssjef i 2:2 turnus
Ferger
Vi søker no etter ein dekkssjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringar som er nyttige i vidare arbeid til sjøs.
Ønskeleg med oppstart i november.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum D2-sertifikat
- GMDSS/ROC sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
- Ferdighetssertifikat videregående IGF
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund
- Dagkift: 2 veker på, 2 veker av.
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
15.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5561, BOKN
BOKN
Antal befattningar
1Karriere-kod
6702278Se här för andra jobb från Fjord1 ASA