• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    29.11.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5951840
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 09.11.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Dagleg leiar ved kafé Makalaus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kafé Makalus er ein varm og triveleg kafé nedst i Gol som blir drive av Psykisk helse- og rusteneste.
Makalaus vart starta i 2017 som ein arbeids- og aktivitetskafé for unge vaksne som treng arbeidstrening for å koma inn i vanleg arbeidsliv eller som treng meiningsfylt aktivisering.

Det å ha ein jobb betyr mykje for alle. Å vera ein del av eit arbeidsmiljø gir glede, identitet og noko å snakke om i møte med andre. Vi søkjer ein person som kan være vår motor og drivkraft, som kan motivere og gjennomføre. Kreativ, initiativrik og framoverlent er kvalitetar som vi også verdsett høgt.

Arbeidsoppgåver:
• Dagleg drift av kafeen, dette inneber kreative og praktiske oppgåver mm
• Legge til rette for arbeidstøtte, meistring og kartlegging rundt arbeidsevne.
• Følge opp brukaren som er i arbeid på kafeen og nettverksarbeid rundt dei
• Gjennomføre og sikre rutinar i forhold til faglege prosedyrar og dokumentasjon
• Bidra til at brukaren opplever tryggleik, blir verdsett og behandla med respekt
• Tverrfagleg samarbeid innanfor tenesta og med eksterne samarbeidspartar
• Oppfølging og koordinering av aktivitetsplikt frå NAV

Kvalifikasjonar:
• Utdanning innanfor helse- og sosialfag
• Anna relevant utdanning
• Omfattande relevant erfaring kan kompensere for utdanning

Vi søkjer ein person som er:
• Utadvendt og raus med mykje tolmod
• Fleksibel og løysingsorientert med fokus på meistring, ressursar og moglegheiter
• Kreativ, engasjert og serviceinnstilt
• God til å samarbeide, men samtidig sjølvstendig
• God til å kommunisere og skape relasjonar
• Modig, tydeleg og omsorgsfull
• Har erfaring frå arbeid med menneskjer, psykisk helse, ruslidingar og/ eller arbeidsavklaring

Vi tilbyr:
• Samarbeid med engasjerte og erfarne kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
• Fagleg utfordrande og svært varierte arbeidsoppgåver
• Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    29.11.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5951840
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 09.11.2024