• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5651899
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 22.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Dagleg leiar Sogn Friluftsråd

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å forme eit nytt friluftsråd i Sogn? 

Kva går jobben ut på? 

Sogn friluftsråd er eit regionalt samarbeid mellom medlemskommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Som dagleg leiar i Sogn Friluftsråd skal du jobbe for å auke tilgjenge til- og styrke friluftslivet i regionen. Dette skal gjerast gjennom ulike satsingar og prosjekt. Som dagleg leiar vil du ha ansvar for friluftsrådet si økonomiske drift og ha fag- og personalansvar.  

Kven er du? 

Du har ei genuin interesse for natur og friluftsliv, og ynskjer å vere med på å forme allsidige og framtidsretta friluftstilbod i regionen.  Du ser verdien friluftslivet har for folkehelsa, trivsel og miljø.  

Personlege eigenskapar og motivasjon for oppgåvene vil bli tillagt høg vekt.  

 

Erfaring og kvalifikasjonar 

  • Høgare utdanning innan relevante fagkretsar  

  • Økonomikompetanse 

  • Erfaring frå prosjektleiing 

  • Kjennskap til offentleg verksemd 

 

Personlege eigenskapar 

  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skrifteleg 

  • Evne til å oppnå mål og resultat 

  • Gode samarbeidsevner 

  • Evne til å knyte kontaktar og relasjonar 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Bygge og utvikle ein ny organisasjon 

  • Administrativ leiing, økonomistyring og rapportering til styret 

  • Skaffe finansiering til friluftsrådet sine satsingar 

  • Informasjonsarbeid 

 

Vi kan tilby: 

  • Løn etter avtale 

  • Fleksibel arbeidstid 

  • Kontorstad innanfor friluftsrådet sitt nedslagsfelt 

 

Om arbeidsgivaren 

Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.  

Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal i samarbeid med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5651899
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 22.03.2024