Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
13.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6130188Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Dagleg leiar Leikanger frivilligsentral
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer ein engasjert og initiativrik dagleg leiar som vil skape aktivitet, fellesskap og samarbeid. Frivilligsentralen held til i dei nyrenoverte lokala på Saften; ein dynamisk møteplass med bibliotek, ungdomsklubb, kultur- og idrettstilbod, kafé og kommuneadministrasjon. Denne samlokasjonen gir unike moglegheiter for frivillig arbeid og lokalt engasjement!
Me ser etter ein kreativ og sosial lagspelar med gode koordineringsferdigheiter, som vil utvikle tilbod og gjere Leikanger til ein endå betre stad å bu og leve.
Som dagleg leiar får du ei nøkkelrolle i å knyte saman frivillig sektor, kommunale tenester og lokale aktørar. Du skal gjere Saften til ein stad for liv og røre frå morgon til kveld. Du vil òg samarbeide tett med dei andre frivilligsentralane i kommunen og spele ei viktig rolle i kommunen sitt tverrfaglege team for frivillig arbeid.
Dine oppgåver
Ansvar for dagleg drift av frivilligsentralen
Skape engasjement for frivillig arbeid
Utvikle Saften som sosial møteplass
Samarbeide med frivillige organisasjonar om utviklinga av lokalsamfunnet
Søknads- og rapporteringsarbeid
Vidareutvikle og drifte utstyrssentralen
Vere bindeledd og samarbeide med andre kommunale tenester
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast
Me ser etter deg som er/har
Engasjert i frivillig arbeid og lokalsamfunn
Oppteken av innbyggjarane sine behov
Gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre
Strukturert, sjølvstendig, fleksibel, nysgjerrig og kreativ
Kjennskap til frivillig organisasjonsliv
Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, ved relevant erfaring kan krav om utdanning fråvikast
Me tilbyr
Ein variert og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø
Moglegheit til å forme framtida for frivilligsentralen og Saften
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
13.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6130188Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Bli vår moglegheitspilot, og hjelp folk til ein betre busituasjon!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ferievikar 2025 på Leikanger - sjukeheim, heimetenesta og kjøkken
Sogndal kommune
Leikanger -
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Leikanger -
Fastlegeheimel ved Leikanger legekontor
Sogndal kommune
LEIKANGER