• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5206977
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 02.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Dagleg leiar/kulturvernleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du gode leiareigenskapar og brei kunnskap om samtidskunst? Då er du kanskje den me leiter etter.

Stillinga som dagleg leiar for Hå gamle prestegard og kulturvern i kommunen er ledig frå 15. august 2023. Dagleg leiar har eit særskilt ansvar for utforming av utstillingsprogrammet og anlegget sin faglege profil. Til stillinga ligg ansvaret for å utarbeide langsiktige strategiar og årsplanar og ha ansvar for økonomistyring og budsjett i høve vedtekne rammer. Det er høge krav til eigeninntening.

Me søkjer ein sjølvstendig og tydeleg leiar, med brei kunnskap om samtidskunst og kulturvern, gode leiareigenskaper og med erfaring frå økonomisk- og administrativt arbeid. Erfaring frå formidling, kuratering og sal, samt god kjennskap til offentleg forvaltning er ein føresetnad. Søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Dagleg leiar bør ha kunst-/kulturfagleg og helst kulturvernfagleg utdanning frå høgskule eller universitet. Praksis frå liknande arbeid vert vektlagt.

Om anlegget
Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria.
Anlegget, som er eigd og drifta av Hå kommune, har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og eigenproduserte kulturhistoriske utstillingar, formidlingssal av kunst/ kunsthandverk og kafe med lokale matvarer. Det vert arrangert konsertar, føredrag, litteratur- og temakveldar. Til drifta av anlegget ligg også det freda Obrestad fyr og kommunen sitt kulturvernarbeid, som ein integrert del av drifta.

Hå gamle prestegard er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren. Området rundt prestegarden er landskapsvernområde og har ei rik historie, som går 9000 år tilbake i tida.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende og utenlandske attestar oversette til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5206977
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 02.06.2023