Company
Hardangerrådet iksApplication deadline
02.09.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarkedEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5780, KINSARVIK
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5836105Look here for other jobs from Hardangerrådet iks
- Updated 06.08.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Hardangerrådet iks
Hardangerrådet iks søkjer dagleg leiar i 100 % stilling
Dagleg leiarOffentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked
Hardangerrådet iks søkjer Dagleg leiar med relevant utdanning og erfaring, som vil sjå Hardangerregionen som sin arena.
Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring i leiing og i prosjektadministrasjon og kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale funksjonar og prosessar.
Me søkjer
- ein effektiv og ryddig leiar med evne til å fanga aktuelle saker for regionen og som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- I rolla som dagleg leiar i Hardangerrådet iks er det naudsynt å ha fokus på fellesutfordringar som utvikling, samhandling og vekst.
- Gode kommunikasjonsevner og eit breitt nettverk innan offentleg forvaltning og privat næringsliv er ønskjeleg. Hardangerrådet deltek også i internasjonal aktivitet.
Det vert utarbeidd arbeidsavtale i samsvar med hovudavtalen for offentleg sektor. Løn etter avtale i offentleg regulativ. Pliktig medlemskap i gjeldande pensjonsordning.
Dagleg leiar er ansvarleg for dagleg drift og utviklingsarbeidet i Hardangerrådet iks og rapporterer til styret og til Representantskapet/Regionrådet.
Kontorstad: Kinsarvik /Hardanger.
Om arbeidsgiveren
Hardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 4 kommunane/herada Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Hardangerrådet iks si hovudoppgåve er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid. Om spennande aktivitet og prosjekt og informasjon om Hardangerrådet iks sjå http://www.hardanger.com
Hardangerrådet iks arbeider innafor 3 hovudområde:
- Politisk samordning og påverknad
- Kommunalt tenestesamarbeid
- Næringsutvikling
Spørsmål om stillinga kan rettast til;
- Rådgjevar Per Jorem, Capus mob 400 21 560
- Rådgjevar Åslaug Krogsæter, Capus mob 909 13 333
- Styreleiar Hardangerrådet IKS, Jon Olav Heggseth, mob 909 56 912
Søknadsfrist er mandag 2. september 2024
Company
Hardangerrådet iksApplication deadline
02.09.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarkedEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5780, KINSARVIK
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5836105Look here for other jobs from Hardangerrådet iks
- Updated 06.08.2024