• Bedrift
    Hardangerrådet iks
  • Søknadsfrist
    02.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5780, KINSARVIK
    ULLENSVANG
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5836105
  • Se her for andre jobber fra Hardangerrådet iks
  • Oppdatert 06.08.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hardangerrådet iks

Hardangerrådet iks søkjer dagleg leiar i 100 % stilling

Dagleg leiar

Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked

Hardangerrådet iks søkjer Dagleg leiar med relevant utdanning og erfaring, som vil sjå Hardangerregionen som sin arena.

Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring i leiing og i prosjektadministrasjon og kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale funksjonar og prosessar.

Me søkjer

  • ein effektiv og ryddig leiar med evne til å fanga aktuelle saker for regionen og som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
  • I rolla som dagleg leiar i Hardangerrådet iks er det naudsynt å ha fokus på fellesutfordringar som utvikling, samhandling og vekst.
  • Gode kommunikasjonsevner og eit breitt nettverk innan offentleg forvaltning og privat næringsliv er ønskjeleg. Hardangerrådet deltek også i internasjonal aktivitet.

Det vert utarbeidd arbeidsavtale i samsvar med hovudavtalen for offentleg sektor. Løn etter avtale i offentleg regulativ. Pliktig medlemskap i gjeldande pensjonsordning.

Dagleg leiar er ansvarleg for dagleg drift og utviklingsarbeidet i Hardangerrådet iks og rapporterer til styret og til Representantskapet/Regionrådet.
Kontorstad: Kinsarvik /Hardanger.

Om arbeidsgiveren

Hardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 4 kommunane/herada Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Hardangerrådet iks si hovudoppgåve er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid. Om spennande aktivitet og prosjekt og informasjon om Hardangerrådet iks sjå http://www.hardanger.com

Hardangerrådet iks arbeider innafor 3 hovudområde:

  1. Politisk samordning og påverknad
  2. Kommunalt tenestesamarbeid
  3. Næringsutvikling


Spørsmål om stillinga kan rettast til;

  • Rådgjevar Per Jorem, Capus mob 400 21 560
  • Rådgjevar Åslaug Krogsæter, Capus mob 909 13  333
  • Styreleiar Hardangerrådet IKS, Jon Olav Heggseth, mob 909 56 912


Søknadsfrist er mandag 2. september 2024

 

  • Bedrift
    Hardangerrådet iks
  • Søknadsfrist
    02.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5780, KINSARVIK
    ULLENSVANG
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5836105
  • Se her for andre jobber fra Hardangerrådet iks
  • Oppdatert 06.08.2024