Företag
O L Kythe ASAnsökningstiden
14.06.2021Arbetsfunktion
LederstillingAnställningsform
workTime.HeltidBransch
Bygg og anleggUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5710, SKULESTADMO
VOSS
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3866812Se här för andra jobb från O L Kythe AS
- Uppdaterad 19.05.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
O L Kythe AS
DAGLEG LEIAR
Bygg og anlegg
O.L. Kythe AS er ei familieeigd entreprenørveksemd på Voss. Me driv allsidig innanfor bygg og anlegg og er sentralt godkjende i tiltaksklasse 3 i dei viktigaste utføringsklassane. Me arbeider innanfor alle entreprisemodellar. For tida har me for utføring kontrakter på om lag 100 mill.kr. I tillegg til dagleg leiar så har selskapet 2 fulltids prosjektleiarar. Me utfører betongarbeidet og delar av anleggsarbeidet med eigne fast tilsette. Vår noverande dagleg leiar gjennom mange år ynskjer å trappa ned og me søkjer difor etter ny dagleg leiar.
DAGLEG LEIAR
Den me søkjer skal ha toppleiaransvaret og rapportera til styret. Det er ein føresetnad med teknisk utdanning innanfor konstruksjonsfag bygg, på bachelor nivå eller eventuellt høgare.
Det vil vera ein fordel med tilleggsutdanning innanfor bedriftsøkonomiske fag, men dette er ikkje noko krav.
Me ser etter ein framoverlent leiar som rustar verksemda for framtidsretta tenking, lønsemd og vekst. Vedkomande opptrer samlande og er oppteken av å leggja til rette for å motivera tilsette. I tillegg legg me vekt på å kunna skapa gode relasjonar til kundar, leverandørar og samarbeidspartnerar.
Dokumenterte resultat frå å skapa lønsemd og utvikling vil inngå som ein viktig del av vår evaluering av kandidaten.
Me tenkjer at vår daglege leiar også driv som anleggsleiar/ prosjektleiar på enkelte av våre prosjekt. Vedkomande må difor ha ei solid erfaring frå dette og ha bakgrunn god nok til å oppnå utføringsklasse 3. Me legg også til grunn at den aktuelle kandidaten har gode kunnskapar innanfor anbudsrekning, kontraktsrett, planlegging og prosjektøkonomi.
Dagleg leiar vil vera kvalitetssikringsleiar i verksemda.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med styreleiar Per Kyte på tlf. 975 24 091 eller på e-post: per.kyte@kythe.no
Alle førespurdnader vert handsama konfidensielt.
Skriftleg søknad med CV vert å senda til: per.kyte@kythe.no
Søknadsfrist: 14. juni
Företag
O L Kythe ASAnsökningstiden
14.06.2021Arbetsfunktion
LederstillingAnställningsform
workTime.HeltidBransch
Bygg og anleggUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5710, SKULESTADMO
VOSS
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3866812Se här för andra jobb från O L Kythe AS
- Uppdaterad 19.05.2021