• Company
    Fikse Næringsforening
  • Application deadline
    26.04.2020
  • Position function
    Lederstilling
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Konsulenter og frie yrker
  • Educational qualification
    Ikke påkrevet
  • Work experience
    2-5 år
  • Address
    5582, ØLENSVÅG
    VINDAFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2860598
  • Look here for other jobs from Fikse Næringsforening
  • Updated 20.04.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fikse Næringsforening

Dagleg leiar

Konsulenter og frie yrker

Vil du vera med å utvikla næringslivet i Etne og Vindafjord?

Fikse Næringsforening er er ein interesseorganisasjon av og for bedriftene i Etne og Vindafjord. Nå søkjer me etter ny dagleg leiar som kan bidra til å vidareutvikla og gjera eit allereie sterkt og mangfaldig næringsliv enno betre gjennom arbeidet til næringsforeningen.

Fikse Næringsforening jobbar for at næringslivet samla og bedriftene kvar for seg skal ha best mogleg vilkår for å utvikla seg på ein god måte. Dette gjer me blant anna ved å vera næringslivet sitt talerøyr overfor myndighetene, bidra til at bedriftene får tak i flinke tilsette, og gi bedrifter og tilsette fagleg påfyll og nettverk.

Jobben er allsidig, og du vil blant anna jobba med:

  • Å synleggjera bedrifter og jobbmoglegheiterfor framtidige arbeidstakarar

  • Tala næringslivet sine interesser ovanfor offentlege myndigheiterlokalt, regionalt og nasjonalt

  • Leggja til rette for fagleg påfyll og nettverk for bedriftene, ved å arrangera kurs, bransje-, og fagtreff

  • Delta i nyskaping og utviklingsprosjekt

  • Drifta og vidareutvikla organisasjonen

Me søkjer ein person som:

  • Har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg

  • Har god forretningsforståing og gjerne erfaring som næringsdrivande

  • Med fordel har kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar

  • Er handlekraftig og har god gjennomføringsevne

  • Kan ha oversikt over og framdrift i mange ulike og parallelle prosjekt

  • Er god på å tileigna seg ny kompetanse og møta nye problemstillingar

  • Har gode samarbeidsevner og kan vera samlande blant ulike interesser

  • Er engasjert, fleksibel og serviceinnstilt overfor næringsinteressene ein jobbar for

  • Tar initiativ og jobbar sjølvstendig, i samarbeid med styret og næringslivet elles

Spørsmål til stillinga:

Styreleiar Sindre Matre: sindre@arrivashipping.no | 90115890
Dagleg leiar Asbjørn Moe: asbjornmoe@etnevindafjord.no | 97771755

 

  • Company
    Fikse Næringsforening
  • Application deadline
    26.04.2020
  • Position function
    Lederstilling
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Konsulenter og frie yrker
  • Educational qualification
    Ikke påkrevet
  • Work experience
    2-5 år
  • Address
    5582, ØLENSVÅG
    VINDAFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2860598
  • Look here for other jobs from Fikse Næringsforening
  • Updated 20.04.2020