Bedrift
Statistisk sentralbyrå - SSBSøknadsfrist
18.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
2211, KONGSVINGER
KONGSVINGER
Antall stillinger
1karriere-kode
6610559Se her for andre jobber fra Statistisk sentralbyrå - SSB
Ledig stilling
Statistisk sentralbyrå - SSB
Controllar
Offentlig forvaltning
I Seksjon for økonomi- og virksomhetsstyring er det ledig stilling som controllar. Seksjonen har ansvar for dei sentrale styringsfunksjonane i SSB, under dette verksemdstyring, økonomistyring og SSB sitt rekneskap.
Du får controllaransvar for ein eller fleire av våre avdelingar med tilhørande seksjonar, og samarbeider tett med leiarane i desse avdelingane. I tillegg bidreg alle controllarar i arbeidet med overordna økonomistyring av SSB. Du kan og få andre økonomirelaterte oppgåver.
Kvalifikasjoner:
- Relevant utdanning fra høgskule/universitet
- Relevant erfaring fra økonomistyring i statleg sektor
- Erfaring med bruk av statlege rekneskapsstandardar (SRS)
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
- Erfaring med bruk av DFØ sitt økonomisystem er ønskjeleg
- Svært god erfaring med og kunnskap om bruk av Excel, gjerne i kombinasjon med Power BI
- Relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet
Personlige egenskaper:
Du er strukturert, systematisk og nøyaktig. Du må også kunne setje deg inn i problemstillingar, og føreslå alternative løysingar. Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, tek initiativ og bidreg i vidare utvikling av SSB si økonomistyring.Vi tilbyr:
- Ein arbeidsplass der du bidreg til å løysa eit viktig samfunnsoppdrag, samtidig som du får jobba i eit spennande fagmiljø. Som medarbeidar i SSB får du jobba med kompetente fagpersonar i ein organisasjon som har stor tillit i befolkninga og blant avgjerdstakarar.
- Fast tilsetjing som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønsspenn frå kr 630 000 - 750 000 Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
- Ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid (inkludert sommertid), moglegheit for hjemmekontor, gode velferdsordninger og trening i arbeidstiden.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som betyr at du får ei av Noregs beste pensjonsordningar og moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. - God balanse mellom jobb og fritid.
- Gode moglegheiter for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsetteprogram, årleg hackathon og arenaer for fagleg deling på tvers.
- Godt miljø også utanom arbeidstid, med idrettstilbod og ulike sosiale aktivitetar. Du kan trena éin time i veka i arbeidstid, med treningsrom i kontorlokala
Verdt å merke seg: - For at me best mogleg skal kunna vurdera søknaden din treng me at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osb.). For kandidatar som me vurderer å tilsetja kan me utføra bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.
- Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjord tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg med unntak frå denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer unntak. Me tek deretter stilling til om me kan innvilga ønsket ditt. Kan me ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss
- SSB skal vera ein god stad å jobba for alle, og me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løysa framtidsoppgåvene. SSB jobbar for ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing og/eller mellombels fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Dersom dette gjeld deg, vil me oppmoda deg til å kryssa av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Me inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging vil me strekkja oss langt for å komma behovet ditt i møte.
Bedrift
Statistisk sentralbyrå - SSBSøknadsfrist
18.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
2211, KONGSVINGER
KONGSVINGER
Antall stillinger
1karriere-kode
6610559Se her for andre jobber fra Statistisk sentralbyrå - SSB
-
Vil du jobbe med saksbehandling i eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø?
Skatteetaten
ULSTEINVIK -
Ynskjer du ein jobb der du kan gjere ein forskjell?
Skatteetaten
NORDFJORDEID -
Ynskjer du ein jobb der du kan gjere ein forskjell?
Skatteetaten
NORDFJORDEID -
Fastlegar
Kvam Herad
NORHEIMSUND -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg