• Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3931475
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 15.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Bygningsingeniør/ Byggsaksbehandlar

Offentlige tjenester og forvaltning

Hemsedal kommune står framom store utbyggingar og treng å styrke staben innan fleire fagområdar. Vi har ledig ein 100% fast stilling. Stillinga ligg til teknisk etat og er plassert i avdeling for bygg og plan, som har ansvaret for fagområda innan forvaltningsområda plan og bygg, kart- og oppmåling.

Arbeidsoppgåver:

  • Byggesaksbehandling etter Plan- og bygningslova med tilhøyrande regelverk.
  • Dispensasjonsbehandling.
  • Matrikkelføring av bygg og eigedom.
  • Oppfølging av ulovlegheit.
  • Seksjoneringssaker.

Ønskja utdanning, erfaring og eigenskapar:

  • Utdanning frå fortrinnsvis ingeniørhøgskule innan bygg/ anlegg. Fagskule eller mesterbrev vert vurdert.
  • GIS/ Kart- kompetanse.
  • Kjennskap til plan- og bygningsrett.
  • Førarkort klasse B.
  • Relevant jobberfaring frå privat og off. sektor.

Personleg eigenskap:

  • Løysningsorientert og gode samarbeidsevner.         
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skrifteleg og munnleg.
  • Evne til å tenkje strategisk og heilskapleg.
  • Arbeide sjølvstendig.
  • Omstillingsevne.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Spennande oppgåver.
  • Konkurransedyktig lønn.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom turistutbygging og bygdekultur.

 Generell informasjon:

  • Søkjarlister er offentlege.
  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Nynorsk er administrasjonsmål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar språket.
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7.

 

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta. 

Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen. Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her i Hemsedal kommune!

 

Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)

Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. På vår webside finn du link til dei andre kommunane i Hallingdal. Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune. Stillingar blir også lagt ut på www.nav.no, og der finn du også stillingar som ikkje er kommunale.

 

 

  • Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3931475
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 15.07.2021