Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
11.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5889358Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Bu- og aktivitetstenesta lyser ut faste stillingar og vikariat.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Bu og aktivitetstenesta er i utvikling og treng nye kollegaer.
Vi har ledig:
Molvær senter:
1 x 70% fast stilling på Molvær senter ledig frå 16.12.2024.
Molvær senter er ei produksjonsverksemd som gir tilbod om sysselsetting, aktivisering og opplæring til personar med ulik grad av funksjonshemming. Senteret består av fem avdelingar og tilbyr stor variasjon i aktivitet og arbeid. Senteret er lokalisert saman med vaksenopplæringa.
Arbeidstida er på dagtid.
Jetmundgarden bufellesskap:
3 x 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut i Jetmundgarden bufellesskap ledig frå 06.01.2025.
1 x 69% vikariat nattevaktstilling som miljøterapeut i Jetmundgarden bufellesskap, ledig frå snarast.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnsomsorg til mennesker med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelinga Jetmundgarden har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.
Geilneset:
1x 100% fast stilling som vernepleiar/ sjukepleiar/miljøterapeut på Geilneset 11, ledig frå 06.01.2025.
1 x 100% fast stilling som vernepleiar/ sjukepleiar/miljøterapeut på Geilneset 9 ledig frå 06.01.2025
Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansatte funksjonshemmingar i bustadar for vaksne. Geilneset 9 er eit avlastningstiltak for born og unge.
Avlastningstiltaket Geilneset 9 har turnusordning med dag/ ettermiddag og langvakter. Geilneset 11 har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjoner:
- Vi søkjer personar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning,fortrinnsvis vernepleiar og sjukepleiarar.
- Til 70% fast stilling på Molvær senter søkjer vi personar med utdanning som aktivitør, helsefagarbeidar eller andre med relevant utdanning og praksis.
- På Molvær senter må du kunne behandle enkle verktøy og like å jobbe med hendene. Vi søkjer personar som er kreativ og har kjennskap til handarbeid, vev, strikkemaskin og symaskin.
- Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd og målretta miljøarbeid vil verte føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlige egenskaper:
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
- Du må vere ressurs- og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Er god på relasjonsbygging og skape tillit.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tåle stress.
- Likar ulike aktivitetar og har god helse
- Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål,verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- Funksjontillegg for helsepersonell.
- Vanleg kommunale tilsettingsvilkår.
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
11.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5889358Se her for andre jobber fra Sula kommune