• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3900393
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Brannkonstabel/røykdykkar

Vaksdal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bli ein del av vårt team som reddar liv og tryggar kvardagen:

Vi har ledige faste deltidsstillingar som brannkonstabel/røykdykkar.

Vaksdal brannvern søkjer deg som kan tenke deg å gjera ein viktig innsats for lokalsamfunnet. Som tilsett i brannvesenet blir du ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø.
Vi samarbeidar tett med Bergen Brannvesen.

Arbeidsstad

  • Dale brannstasjon
  • Vaksdal brannstasjon

Det er ledige stillingar ved begge brannstasjonane. Søkjar må ha bustad i nærleiken av ein av brannstasjonane.

Arbeidsoppgåver

  • Alle typar brann- og redningsrelaterte oppgåver: brann, ulykker, overflateredning, forureining, førstehjelp, røykdykking m.v.
  • Som nytilsett aspirant inngår du i øvings-/kompetanseplan, og vil få eit utdanningsprogram innanfor brannfaget. Innan 2 år er du godkjend brannkonstabel.
  • Delta i vaktlag etter nærmare avtale. Utrykking må kunne påreknast heile døgeret, og hovudarbeidsgjevar må informerast om dette.

Krav til kompetanse

Kommunen legg til grunn Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, der kravet til brannkonstabel er gjennomført yrkesutdanning for brannkonstabel.
Søkjarar utan denne formalkunnskapen oppfordrast også til å søkje. Vaksdal kommune vil for rett kandidat legge til rette for at naudsynt utdanning blir gitt.

  • God fysisk helse, plettfri vandel og politiattest
  • Gjerne relevant arbeidserfaring
  • Føresetnad for tilsetjing er at ein består røykdykkartest
  • Førartkort klasse B, ynskjeleg med førarkort klasse C
  • Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Kvinner vert særskilt oppfordra til å søkje

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk. Tillegg for vaktordning, utrykking og kveld/helg.

Spørsmål?

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef Helge Berset på tlf 922 77 390, eller brannkoordinator Brede Tjønneland på tlf 488 80 323.

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-avdelinga tlf: 95 52 75 04 eller e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no

 
  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3900393
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune