Company
Kvam HeradApplication deadline
09.08.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Videregående skoleWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6661770Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Kvam brann- og redningsvesen
BrannkonstabelOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kvam brann og redning søkjer brannkonstabel til deltidsstyrka vår.
Bakgrunnen for utlysinga er naturleg avgang frå deltidsstyrken. Me søkjer difor ein ny brannkonstabel til Norheimsund brannstasjon som ønskjer å bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og vera ein del av den operative beredskapen i Kvam brann og redning.
Me ser etter personar som har rett haldning, ønskjer å utvikla seg og vil vera med på å skapa ein trygg kvardag for innbyggjarane i Kvam.
Erfaring frå brann- og redningsteneste er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode føresetnader for å gjennomføra nødvendig opplæring.
Berre søkjarar som oppfyller krava til bustad, innsatstid og tilgjengelegheit kan tilsetjast.
Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik.
Les meir om oss her:Kvam brann- og redningsvesen
Arbeidsoppgåver
Som brannkonstabel deltek du i den operative beredskapen i Kvam brann og redning. Du vil vera ein del av innsatsstyrken ved brann, trafikkulykker, redningsoppdrag, akutte forureiningssituasjonar og andre beredskapshendingar.
Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna:
- delta i operativ innsats ved brann-, rednings- og beredskapshendingar
- delta i vaktordning og vera tilgjengeleg for utrykking i samsvar med gjeldande vaktordning
- delta på øvingar, kurs og anna nødvendig opplæring
- halda ved lag nødvendig kompetanse og vera fysisk skikka for stillinga
- bidra til vedlikehald og kontroll av materiell, utstyr og køyretøy
- delta i førebyggjande og beredskapsrelatert arbeid når dette er aktuelt
- samarbeida med kollegaer og andre naudetatar under øving og innsats
- vera ein god representant for Kvam brann og redning
For stilling ved Norheimsund inngår stillinga i heimevakt etter gjeldande vaktordning (heilkontinuerlig turnus kvar 4. veke)
Kvalifikasjonar
For å kunna tilsetjast må søkjaren oppfylla gjeldande krav etter brann- og redningsvesenforskrifta og interne krav i Kvam brann og redning.
Me ser etter søkjarar som har:
- fullført vidaregåande opplæring eller relevant yrkeserfaring
- bustad innanfor fastsett innsatstid til aktuell brannstasjon
- skriftleg løyve frå hovudarbeidsgjevar dersom dette er naudsynt
- vilje til å gjennomføra lovpålagd opplæring og øving
- god fysisk og psykisk helse, og vera fysisk og psykisk skikka til å utføra alle operative oppgåver som funksjonen krev. Det vert stilt fysiske krav til tenesta som må oppfyllast, mellom anna for røykdykkarteneste, arbeid i høgda og arbeid i tronge rom.
- symjedugleik
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- plettfri vandel. Den som vert tilsett, må vera førebudd på å leggja fram utvida politiattest før oppstart i stillinga
Det vil telja positivt om du har:
- førarkort klasse C, eller vilje til å ta dette for eiga rekning
- utrykkingskompetanse (kode 160)
- erfaring frå brann- og redningsteneste, industrivern eller anna operativ verksemd
- dagleg arbeidsstad innanfor eller i nærleiken av innsatsområdet til Norheimsund brannstasjon er ein føremon
- relevant fagbrev eller anna praktisk bakgrunn
For kandidatar som manglar enkelte kvalifikasjonar kan det bli utarbeidd ein individuell opplærings- og kompetanseplan. Naudsynleg opplæring er eit sentralt krav, og du må vera førebudd på å be om fri/permisjon frå ditt faste arbeid for å gjennomføra deler av denne.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Me ser etter deg som:
tek ansvar og samarbeider godt med andre
- held roa og tek gode avgjerder under press
- er praktisk, løysingsorientert og lærevillig
- kommuniserer tydeleg og viser respekt for andre
- følgjer rutinar og har fokus på HMS
- bidreg til god lagånd og samarbeidar godt i team
- opptrer med høg etisk medvit og gode haldningar
- er empatisk, open og møter andre med respekt
- ønskjer å utvikla deg fagleg og bidra positivt i laget
Som brannkonstabel er du ein viktig del av den kommunale beredskapen. Me ser etter personar med gode haldningar som tek ansvar, viser omsorg for andre og bidreg til eit trygt, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø.
Praktisk informasjon om stillinga
Vilkår for funksjonen
For å kunna stå i funksjonen som brannkonstabel må alle krav til kompetanse, skikka for stillinga, bustad, innsatstid, tilgjengelegheit, førerett og operativ teneste vera oppfylte både ved tiltreding og gjennom heile tilsetjingsforholdet.
Brannkonstablar i Kvam brann og redning er ein del av den operative innsatsstyrka, og røyk- og kjemikaliedykkarteneste er ein forventa del av funksjonen. Den som vert tilsett må difor til ei kvar tid oppfylla gjeldande krav til helse, fysisk kapasitet og skikkaheit for røyk- og kjemikaliedykkarteneste, og gjennomføra naudsynte testar, øvingar og helseundersøkingar i samsvar med gjeldande regelverk og interne rutinar.
Den som vert tilsett har ansvar for å halda ved lag dei føresetnadene som ligg til grunn for tilsetjinga. Dersom forhold som bustadadresse, arbeidsstad, tilgjengelegheit, helse, førerett eller andre forhold endrar seg på ein måte som kan påverka evna til å oppfylla krava til funksjonen, skal dette meldast til arbeidsgjevar utan ugrunna opphald.
Dersom føresetnadene endrar seg, kan dette få betydning for om den tilsette framleis kan stå i funksjonen. Arbeidsgjevar vil då gjera ei konkret og individuell vurdering av om føresetnadene for stillinga framleis er oppfylte, og om funksjonen kan utførast på ein forsvarleg måte.
Me tilbyr:
- ei viktig rolle i eit meiningsfullt samfunnsoppdrag
- eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer
- opplæring, øving og kontinuerleg kompetanseutvikling
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- eit godt kollegialt miljø med sterkt samhald og felleskap
- løn og godtgjersle etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- moglegheit til å utvikla deg vidare innan operativ beredskap og andre fagområde i brann- og redningstenesta
- Målet vårt er å utvikla trygge, kompetente og engasjerte brannkonstablar som er godt førebudde når det verkeleg gjeld.
Mangfald
Kvam brann og redning arbeider for eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Alle kvalifiserte søkjarar vert vurderte ut frå kompetanse og personlege eigenskapar innanfor gjeldande krav til stillinga. Me ynskjer særleg fleire kvinner i den operative beredskapen og oppmodar difor kvinner til å søkja.
Generell informasjon:
- Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via Webcruiter innan søknadsfristen.
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Company
Kvam HeradApplication deadline
09.08.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Videregående skoleWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6661770Look here for other jobs from Kvam Herad