• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6049001
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 04.02.2025
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Brannførebyggar (feiar)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga Brann og redning har 14 heiltidstilsette, der 5 er brannførebyggarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag

Vi har ledig 100 % fast stilling som brannførebyggar (feiar).

Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg kjem andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn
  • delta i informasjonsarbeid internt og eksternt

Andre oppgåver kan kome til.

Kvalifikasjonar:

Vi vil primært ha søkarar som har fagbrev som feiar. Har du anna relevant fagbrev som murar og tømrar, relevant kompetanse, eller er ufaglært, kan du óg søke. Du pliktar då å ta fagbrev som feiar med tilhøyrande teori-/praktisk eksamen. Vi legg óg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Du må ha førarkort klasse B.

Av personlege eigenskapar må du:
  • vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
  • ha evne å arbeide både sjølvstendig og i team
  • vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • løn i samsvar med kvalifikasjonar 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • spennande fagfelt og varierande arbeidsoppgåver

Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6049001
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 04.02.2025