• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    11.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6829, HYEN
    GLOPPEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6036990
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Bli med å bygge framtidas hurtigbåtar og din eigen flytande arbeidsplass!

Ferger

Fjord1 søkjer etter maskinist til eit spennande engasjement i byggjetilsyn ved Brødrene Aa i Hyen, og deretter stilling som maskinsjef på reservefartøy for sambandet Kleppestø -  Strandkaien eller Knarvik - Frekhaug - Strandkaien.

Ved verftet i Hyen skal det byggast ein ny, topp moderne hurtigbåt av Aero design til sambandet Knarvik-Frekhaug-Strandkaien.

Tiltreding i engasjement i byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft, juni 2025. I engasjementet vil arbeidsstaden vere Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Deretter vil ein gå vidare til fast stilling som maskinsjef på reservefartøy til sambanda i Bergen.

Skiftordning:

Under byggjeperiode: Normal arbeidstid eller turnus basert på avtale og bustadsadresse
I drift: Per i dag er det planlagt to veker på og to veker av, med avløysningsstad i Bergen

Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!

Kvalifikasjoner:

Byggjetilsyn:

  • Maskinist med erfaring frå hurtigbåt
  • Gode ferdigheiter i bruk av Amos
  • Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg, då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
  • Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
  • Allmenn datakunnskap

Maskinsjef:

  • Minimum M2, eventuelt M3 med maskinsjef 3000 kw
  • Sikkerheitskurs jamfør kvalifikasjonsføreskrifta
  • Passasjer- og krisehandteringskurs
  • FSE e-læring
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskap skriftlig og muntleg
  • Kvalifikasjonsbevis for brobesetning på hurtiggåande fartøy er ein fordel

Personlige egenskaper:

  • Systematisk arbeidsform
  • Ansvarleg
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Evne til å arbeide i team
  • Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar 

Vi tilbyr:

  • Attraktive lønnsvilkår 
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Personar med lang reiseveg til arbeidsstad (dvs. for lang for dagpendling) vil få dekka utgifter til reise og opphald etter gjeldande regulativ
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    11.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6829, HYEN
    GLOPPEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6036990
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA