• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    11.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5828995
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
  • Updated 30.07.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjord1 ASA

Bli med å bygge framtidas hurtigbåtar og din eigen flytande arbeidsplass!

Ferger

Fjord1 søkjer etter 2 maskinsjefar til spennande engasjement i byggjetilsyn ved Brødrene Aa i Hyen og Eikefjord, og deretter stilling som maskinsjef i sambandet Kleppestø -  Strandkaien eller Knarvik - Frekhaug - Strandkaien.

Ved verftet i Hyen skal det byggast ein ny, topp moderne hurtigbåt av Aero design til sambandet Knarvik-Frekhaug-Strandkaien. Ved verftet i Eikefjord skal dei to hurtigbåtane MS Terningen og MS Tyrhaug, som Fjord1 overtok frå Kystekspressen AS ved årsskifte, byggast om og tilpassast sambandet Kleppestø-Strandkaien. 

Tiltreding i engasjement i byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft, tidleg i 2025. I engasjementet vil arbeidsstaden vere verfta i Hyen og Eikefjord. Deretter vil ein gå vidare til fast stilling som maskinsjef på sambanda i Bergen når fartøya vert sett i rutedrift.  

Skiftordning:

Under byggjeperiode: Normal arbeidstid eller turnus basert på avtale og bustadsadresse
I drift: P.t. er det planlagt 2 veker på og 2 veker av, med noko fri i helger i arbeidsperioden.

Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!

Kvalifikasjoner:

Byggjetilsyn:

  • Maskinist med erfaring frå hurtigbåt
  • Gode ferdigheiter i bruk av Amos
  • Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg, då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
  • Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
  • Allmenn datakunnskap

Maskinsjef:

  • Minimum M2, eventuelt M3 med maskinsjef 3000 kw
  • Sikkerheitskurs jamfør kvalifikasjonsføreskrifta
  • Passasjer- og krisehandteringskurs
  • FSE e-læring
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskap skriftlig og muntleg
  • Kvalifikasjonsbevis for brobesetning på hurtiggåande fartøy er ein fordel

Personlige egenskaper:

  • Systematisk arbeidsform
  • Ansvarleg
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Evne til å arbeide i team
  • Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar 

Vi tilbyr:

  • Attraktive lønnsvilkår 
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Personar med lang reiseveg til arbeidsstad (dvs. for lang for dagpendling) vil få dekka utgifter til reise og opphald etter gjeldande regulativ
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    11.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5828995
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
  • Updated 30.07.2024