• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617488
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Biblioteksjef/ Avdelingsleiar innbyggjartorg og bibliotek i Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune søkjer no etter deg som vil leia vidareutviklinga av innbyggjartorga og biblioteka våre.

Øygarden er vekstkommunen i vest, 15 minutt frå Bergen, med kommunesenter på Straume og kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Vi er den nest største kommunen i Vestland med over 39 000 innbyggjarar. Øygarden har som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn  innan energi, teknologi og marine ressursar. Innbyggjartorga og biblioteka på Rong, Skogsskiftet og Straume spelar ei viktig rolle for at heile kommunen skal vera ein god plass å bu.

Daglege tenester skal vera tilgjengelege for innbyggjarane lokalt og digitalt, og det er eit uttalt mål at innbyggjartorga og biblioteka skal vera dei viktigaste kontaktpunkta mellom innbyggjarane og kommunen.

Det er eit politisk satsingsområde at innbyggjartorga og biblioteka skal vera lokale møteplassar, og tenestene skal vera lokalisert så nær brukarane som mogleg. Øygarden har ein aktiv og mangfaldig frivillig sektor med lag, organisasjonar og privatpersonar. Det er viktig for oss at dei lokale møteplassane blir utvikla i samarbeid med lokalsamfunnet. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikla attraktive og framtidsretta innbyggjartorg og bibliotek som er naturlege møtestadar i lokalsamfunnet.  
  • Ansvar for dagleg drift av tre innbyggjartorg og bibliotek, og kommunen si sentralbordteneste.
  • Leggja til rette for at øvrige tenester i kommunen blir ein del av tilbodet.
  • Vidareutvikla samarbeid med frivillige lag, organisasjonar, innbyggjargrupper og andre, slik at alle som ønskjer det kan få engasjera seg og samarbeida om tilbodet.

 

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap eller anna grad med bibliotekspesifikk påbygging
  • Erfaring frå arbeid med krav til strategisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og gjennomføring.
  • Forståing av politiske, administrative og økonomiske samanhengar.
  • Forståing av korleis ein kan bruka ny teknologi til å vidareutvikla bibliotek- og innbyggjartenestene.

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som vil tenka nytt og utfordra grensene for kva eit bibliotek kan vera.

Vi ønskjer ein sjef med gnist og driv, som saman med oss vil vera med å utvikla innbyggjartorga og biblioteka til attraktive møteplassar mellom kommune og innbyggjarar.

 

 

 

 

  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617488
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2022