• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Øygarden
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3034162
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Bibliotekar ved Øygardsbiblioteka 80% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:
Øygardsbiblioteka  består av tre avdelingar; Skogsvåg, Straume og Rong. Biblioteka vil i løpet av 2020 samlokaliserast med innbyggjarservice og skal inn ein utviklingsprosess for å utvikle eit eit felles innbyggjarvennleg innbyggartorg.


Vi har ambisjonar om at biblioteket skal spele ei aktiv rolle i lokalsamfunnet. Målet er å utvikle ein moderne arena for kultur og et møtestad for offentleg samtale og debatt.

Vi søkjer etter deg som ønskjer å utvikle biblioteket til ein møteplass for livslang læring. Du er ein allsidig bibliotekar med gode digitale ferdigheiter som ønsker å bidra til å skape ein arena for læring og opplysning i ein digital tid. Du må vere serviceinnstilt, glad i å jobbe både med born og vaksne og trivest i eit aktivt bibliotek. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i bibliotekets daglege drift og publikumsrettleiing
  • Bidra til å utgjevne digitale forskjellar gjennom kurs og arrangement
  • Rettleiing i digital kompetanse og litteraturformidling for alle brukargrupper
  • Samlingsutvikling og material handtering
  • Nettverksarbeid mot nærmiljø, fagressursar og samarbeidspartnarar
  • Delta i utviklingsprosjekta ved biblioteket
  • Deltaking i bibliotekets vaktordning inngår i stillinga 
  • Biblioteket er under utvikling, så arbeidsinnhaldet kan endrast over tid

Kvalifikasjonar: 

  • Bibliotek- og informasjonsfag frå høgskule/universitet.
  • Erfaring frå folkebibliotek eller liknande servicearbeid er ønskjeleg
  • God kompetanse i digitale verktøy og evne å rettleie i desse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring med gjennomføring av arrangementet og kurs

 

Ønskjeleg med:

  • Du er utåtvend og serviceinnstilt
  • Du er flink til å lære frå deg
  • Du er sosial, entusiastisk og initiativrik med god gjennomføringsevne
  • Du har god teknologiforståing og helder deg oppdatert innan feltet
  • Du evner å skape et miljø, er kontaktskapande og en god relasjonsbyggar
  • Du er komfortabel med å snakke framfør forsamlingar
  • Du er fleksibel og liker utviklingsarbeid
  • Personleg eignaheit vektleggas.  

 

Vi tilbyr:

  • Fast 80% stilling
  • Spanande oppgåver i eit aktivt og utviklingsorientert bibliotek
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Lønn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift

 

 

Kontakt: Biblioteksjef, Bente Fosse  tlf: 901 56 578 eller kulturleiar, Christel Møvik-Olsen tlf 986 37 225

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Øygarden
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3034162
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.07.2020