• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3898322
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 04.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Bibliotekar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Biblioteka i Sunnfjord kommune omfattar i underkant av 7 årsverk. Biblioteka hadde i 2020 over 80 000 utlån og godt over 100.000 besøkande på dei 6 biblioteka i Viksdalen, Sande, Naustdal, Førde, Skei og Vassenden. Biblioteka er ein aktiv arrangør med program for alle aldrar og har samarbeid for drift av skulebibliotek. Tettstaden Sande ligg i ein del av kommunen som dei siste åra har hatt aukande elevtal, og Sande skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 300 elevar.

Vi skal bygge opp eit kombinert folkebibliotek, skulebibliotek og tenestetorg på Sande, for å gje ei betre samla teneste for innbyggarane.

Vi søker etter:
  • bibliotekar i 100 % fast stilling

 Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for dagleg drift av Sande kombinasjonsbibliotek og vakter på Førde bibliotek. Fordelinga av stillinga er 60% på Sande og 40% på Førde bibliotek.
  • utvikle biblioteket som møteplass, kultur- og debattarena
  • delta i gjennomføring av utviklingsprosjekt og marknadsføring av tenester
  • rettleiing, offentleg informasjon og service for innbyggarane i kommunen
  • gje skulebibliotektenester på Sande og samarbeide med lokale barnehagar
  • stillinga inngår i biblioteket sin arbeidsplan med både dag-, kveld- og helgevakter
 Krav til søkar:
  • minimum 3-årig utdanning frå universitet/ høgskuleutdanning med fagkrets bibliotek
  • erfaring frå arbeid i bibliotek og med litteraturformidling for born
  • vilje og evne til utvikling av bibliotektenester for framtida
  • førarkort klasse B
  • erfaring frå arbeid med litteraturformidling for born og bibliotek
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode norskkunnskapar

Dersom det ikkje er søkarar med relevant utdanning med fagkrets bibliotek, vil andre søkarar med relevant utdanning eller praksis kunne bli tilsett i stillinga. 

 Vi søker deg som har:

  • evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt kunne drive egne prosjekt
  • vere systematisk og finne gode løysingar i arbeidskvardagen
  • relevant digital kompetanse
Vi tilbyr:
  • spanande arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde 
  • tilsetting etter gjeldande trariffavtalar. Kompetansetillegg kan vurderast for særleg kvalifiserte søkarar
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP 

Godkjent politiattest av ny dato må leverast før start i stilling. 

Du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar!



 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3898322
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 04.06.2021