• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5759604
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Bibliotekar 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol bibliotek er eit kombinert folkebibliotek og skulebibliotek for Gol vidaregåande skule, Læringssenteret Gol og grunnskulen i Gol med biblioteksjef og 2,8 bibliotekarar. Biblioteket opplever aukande besøk og har gode moglegheiter til å bli ein enda meir sentral del av kommunens kulturtilbod. Vi har eit nært fagleg samarbeid med andre bibliotek i Hallingdal, eit aktivt miljø, og vi ser fram til at vi blir fleire som kan utvikle dette.

Vi søker ein bibliotekar med primært ansvar for bibliotektenesta for Gol vidaregåande skule. I tillegg til samarbeidet med skulen sine avdelingar om faglitteratur og rettleiing av tilsette og elevar, vil bibliotekaren vera ein viktig samarbeidspartnar og bidragsytar i arbeidet med språk, litteratur, leselyst og kjeldebruk.

Den som blir tilsett er del av eit team som deler ansvar for mellom anna publikumsretta aktivitetar knytt til ulike arrangement, skrankevakter og registreringsoppgåver. Kvelds- og laurdagsvakter må påreknast.

Arbeidsoppgåver:
• Aktiv deltakar i bibliotekutvikling for framtida.
• Publikumsarbeid, arrangement og aktivitetar, mellom anna Den kulturelle skulesekken.
• Opplæring og rettleiing av elevar, lærarar og andre brukargrupper på Gol vidaregåande skule
• Samarbeid med tilsette ved Gol vidaregåande skule.
• Bestilling og handsaming av digitale ressursar til enkelte elevar på vidaregåande skule.
• Samarbeid med andre verksemder, lag og organisasjonar.
• Kvelds- og laurdagsarbeid etter vaktplan.
• Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar:
• Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande høgare utdanning.
• Anna kompetanse kan vurderast for kandidatar som ønsker å utdanne seg til bibliotekar, til dømes lærarutdaning
• Gode ikt-kunnskapar

Vi søker etter deg som:
• Kan kommunisere godt med både elevar og kollegaer, og som trivast i klasseromsituasjonen.
• Er allsidig og utåtvend
• Har evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:
• Ein unik sjanse til å vere med å utvikle eit moderne kombinasjonsbibliotek saman med gode kollegaer.
• Gol kommune tilbyr god pensjonsordning og kan hjelpe til med å skaffe bustad og evt. barnehageplass.

For stillinga gjeld:
• Tilsetting som bibliotekar i Gol kommune etter gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.
• Tidspunkt for tiltreding kan diskuterast. Løn etter avtale.

Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5759604
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune