Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Beredsskapssjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera ein pådrivar for å skape eit trygt øygardssamfunn? Er du ein god relasjonsskapar som får med deg andre og arbeider godt under press? Har du i tillegg høgare utdanning, leiarerfaring, organisasjonsforståing og erfaring frå strategiarbeid? Då kan du vera den vi leitar etter.

Øygarden kommune har som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Våre ambisjonar er å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i tenestene. Øygarden kommune skal vere ein trygg og god stad å bu og arbeide.

Beredskapssjefen vil ha ei sentral rolle i utviklinga av øygardssamfunnet. Du vil gjennom leiing, strategi, samarbeidsforum og planarbeid bidra til at Øygarden er godt rusta for kriser og uventa hendingar. Beredskapssjefen vil ha eit spennande og tett samarbeid med menneske på tvers av avdelingar i organisasjonen, næringsliv og eksterne aktørar. Dette bidrar til tryggleik og kvalitet i tenestene vi leverer til innbyggjarane.

Beredskapssjefen er ein del av den strategiske leiargruppa til kommunedirektøren.  Du inngår i leiarteamet til kommunalsjef for organisasjon og samfunnsikkerheit, men rapporterer fagleg direkte til kommunedirektøren. Beredskapssjefen vil ha eit sjølvstendig ansvar for eige arbeidsområde.

Ansvarsområde:
  • Leia og vera ein pådrivar for beredskapsarbeidet i Øygarden
  • Ansvar for å førebyggja, førebu og handtera kriser når dei oppstår
  • Overordna ansvar for det strategiske beredskapsarbeidet
  • Overordna ansvar for beredskapsvakt-teamet, og deltaking i dette
  • Leia og leggja til rette for samarbeidsarenaer internt i organisasjonen og med eksterne partar
  • Rådgjeving og opplæring av organisasjonen
  • Systematisk oppfølging av rutinar og planar
  • Teknisk samfunnsikkerheit
Vi ser etter deg som har: 
  • Relevant utdanning på masternivå, for eksempel master i samfunnssikkerheit, men lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå komplekse organisasjonar
Vi ønskjer også at du har:
  • Leiarerfaring
  • Erfaring med kommunale/offentlege prosessar
  • Erfaring med strategiarbeid
  • Erfaring med systematisk sikkerheitsarbeid
  • Erfaring med krisehandtering
  • Organisatorisk forståing
  • Fordel med erfaring med Rayvn
Som person har du:
  • Gode relasjonelle evner
  • Gode munnlege- og skriftelege kommunikasjonsevner
  • Evne til å handtera uventa hendingar/kriser
  • Evne til å arbeida under press
  • Svært gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeida systematisk og sjølvstendig, samtidig som du trivst med mange «ballar i lufta»
  • Evne til å analysera og løysa komplekse utfordringer
Vi tilbyr:

Ei spennande og meiningsfull rolle med god mogelegheit for å påverka utviklinga av ein kommune med stort potensiale. Du vil ha ein variert arbeidskvardag med god mogelegheit for profesjonell utvikling og sjølvstende, saman med eit kompetent miljø innan ulike fagområde – både innanom og utanom kommunen.

Vi har i tillegg gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftsavtale med Aktiv365 og tilbod om heimekontor. Løn blir vi einige om etter avtale. 

Kontakt

Synest du dette er interessant eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med:

Anne-Merete Vabø Haugane, kommunalsjef for organisasjon og samfunnsikkerheit

Anne.haugane@oygarden.kommune.no

Tlf: 400 85 496

Benedicte Sletten Larsen, rådgjevar, HR og kompetanse

Mobil: 415 53 016

E-post: benedicte.larsen@oygarden.kommune.no

Etter søknadsfrist, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Etter søknad kan det vurderast unntak frå å stå på offisiell søkjarliste.