Hardanger og Voss Næringshage

Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Me er ein samlande, framsynt og kunnskapsrik organisasjon. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling, med 16 dedikerte og entusiastiske medarbeidarar fordelte på kontora våre i Øystese og på Voss.

I 2022 fusjonerte Næringshagen i Hardanger og Næringshagen på Voss. Frå før var Destinasjon Voss lagt inn i Næringshagen på Voss, og i 2023 er også Voss Sentrum lagt inn i Næringshagen for å få eit større og betre tenestetilbod til medlemmene. Dagleg leiar har det overordna ansvaret for næringsutviklingsarbeidet i regionen, reiselivsutvikling og marknadsføring av Voss som reisemål, og sentrumsutvikling på Voss.


Join our Candidate Bank

Are you interested in our company? Connect to our Candidate Bank. You will be first to know about our job openings.

 

Open positions

We have no open positions at this time.