• Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Bedriftstype
    Offentlig
  • Organisasjonsnummer
    964952701
  • Nettside
    Hemsedal Kommune
  • Adresser
    Hemsedalsvegen 2889
    3560  HEMSEDAL

Hemsedal Kommune

Velkommen til Hemsedal

Kvart einaste år flytter ein del menneske frå andre delar av landet, og frå utlandet til Hemsedal. Mange vert engasjerte og glade i den bygda dei buset seg i. Dei deltek aktivt i næringslivet, i frivillige organisasjonar og i det politiske arbeidet. Andre finn det kanskje meir vanskeleg. Ein viktig føresetnad for Hemsedal som samfunn, er at vi legg til rette for folk som bur og flytter hit, slik at dei vil trivast og bli verande.

Hemsedal satsar på eit godt tenestetilbod for alle innbyggjarane, uansett alder og bustad. Folkehelse er eit satsingsområde i Hemsedal, og her er eit godt utbygd trenings- og aktivitetstilbod.

Hemsedal er eit eldorado for deg som er interessert i friluftsliv!
Her er eit godt utbygd turstignett, merka til 20 toppar. Elva Hemsila som renn gjennom bygda har gode forhold for flugefiske. Fiskekort gjev deg tilgang til dei mange fjellvatna i kommunen.

Vinterstid kan du gå på ski i milevis med preparerte skiløyper, eller nyte høgfjellskiløping i urørt natur. Dei to skianlegga stiller med topp alpinforhold heile vinteren.

Hemsedal har eit rikt kulturliv, med omlag seksti frivillige lag- og organisasjonar. Mange aktive einskildpersonar er med og skaper mangfald i kulturtilbodet. Kommunen ser det som viktig å ta vare på alle eldsjelene bygda har. Dette gjer vi gjennom å gje dei gode vilkår- ikkje minst gjennom økonomisk støtte i form av gratis hus og tilskotsordningar.

Størstedelen av innandørsaktiviteten føregår i Trøimshallen. I sommarsesongen er det stor aktivitet på kunstgrasbana, og Hemsedal stiller med mange forballag i dei aldersbestemte klassane. Gravset og Hemsedal skisenter er samlingspunkt for mykje av skiaktiviteten.

I Hemsedal meiner me at me har mykje å tilby, men sjølvsagt tek me gjerne imot innspel til nye tiltak og ting som kan gjerast på andre måter. Ta gjerne kontakt med kommunen for ein hyggeleg prat. Alle ynskje kan me ikkje innfri, men me vil gjere vårt beste for å finne løysingar.

Visjon - Ta vare på Hemsedal - vekst og utvikling bygd på natur, kultur og livskvalitet


Gå med i vår kandidatbank

Tycker du att vårt företag ser spännande ut? Anmäl ditt intresse, vi vill gärna ha dig i vår kandidatbank. Ställ dig först i kön och bli kontaktad när vi behöver folk.

 

Generell søknad og tilkallingsvikar Hemsedal skole – 2026

Hemsedal Kommune

Offentlig forvaltning

I oppvekstsektoren har vi flere stillinger innen skole, og vi har stadig behov for dyktige medarbeidere. Dersom du er interessert i en stilling innen skole eller har ønske om å bli tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å sende oss en søknad. Vi søker: Pedagoger Lærere Barne- og ungdomsarbeidere Assistenter Studenter Personer m…

Generell søknad og tilkallingsvikar i Helse og omsorg – 2026

Hemsedal Kommune

Offentlig forvaltning

Helse og omsorg er sammensatt av flere avdelinger som samlet gir kommunens innbyggere et helhetlig tilbud av helsetjenester. I etaten er det bl.a. stillinger ved hjemmetjenesten og institusjon, omsorgsboliger, psykisk helse, helsestasjonen, legekontoret og tildelingskontoret. Dersom du er interessert i en stilling innen Helse og omsorg eller har ønske om å b…

Undervisningsstillinger ved Hemsedal skole høsten 2026

Hemsedal Kommune

Offentlig forvaltning

Hemsedal skole har for skoleåret 2026/27 et uspesifisert antall ledige stillinger. Utlysningen gjelder vikariat og faste stillinger som kan bli ledig fra 01.08.26. Skolen var ny i august 2023. Den har ca. 300 elever fra 1.- 10. klasse, og er plassert midt i Hemsedal sentrum. Hemsedal skole har et godt utviklet tverretatlig samarbeid med andre instan…

Pedagogstillingar ved Hemsedal barnehagar hausten 2026

Hemsedal Kommune

Offentlig forvaltning

Barnehagane i Hemsedal har for barnehageåret 2026-2027 ledig eit uspesifisert tal stillingar. Utlysinga gjeld vikariat og faste stillingar i Tuv og Ulsåk barnehage som kan verta ledig frå 01.08.26. Barnehagane Ulsåk barnehage har per no 5 avdelingar, og vil frå hausten være i ombyggingsprosess. Tuv barnehage har 4 avdelingar. Barnehagane ligg nært fine…