GBS Entreprenør AS
GBS Entreprenør AS vart etablert hausten 1996, og i starten var det hovudsakleg eit maskinselskap med grave-, sprengings- og muringsoppdrag for offentlege og private byggherrar. Etter kvart auka oppdragsmengda og det vart satsa meir på betongarbeid og stadig større anleggsjobbar. I dag utfører me både små og store oppdrag.
Frå ein forsiktig start med 7 tilsette, har verksemda i dag om lag 35 tilsette og ei årsomsetning på kring 110 millionar kroner.
Gode og lojale medarbeidarar har vist at GBS er til å stola på, ettersom det vert levert godt arbeid med rett kvalitet, til rett tid og avtalt pris. Dette har gjeve GBS stor tillit i marknaden.
Byggherrar me har hatt gjennom åra er: private kundar i Kvam herad og nabokommunar, Kvam herad, BKK, Eviny, NVE, SKL, Småkraft, Forte Vannkraft, Statens Vegvesen, Statnett, Statkraft, Vestland fylkeskommune med fleire.
Join our Candidate Bank
Are you interested in our company? Connect to our Candidate Bank. You will be first to know about our job openings.