Byggtorget Martin Lid AS
Lange tradisjonar - ditt lokale byggjevarehus sidan 1959.
Historia til selskapet går tilbake til 1959, då Martin Lid & Co vart starta av Ingjerd og Martin Lid.
Dei starta opp med sal av trelast og byggjevarer under enkle forhold i ei leigd brakke på området til Voss Cementvarefabrikk.
I dei første åra etter oppstarten leverte dei også sand og pukk frå sandtak i Kyrkjeteigen. Mesteparten av arbeidet vart i fyrste omgang utført for hand, utan løftehjelp som truckar og liknande. Varer til lager kom med godstog og måtte hentast manuelt på Palmafossen stasjon.
I 1980 flytta bedrifta i eigne lokale der me held til idag.
Her fekk me stort lager, butikk og uteplass på eit plan.
Her har det vore gradvis utbygging og oppgradering av fasilitetane for å fylga auka omsetting, trendar og utvikling i byggevarehandelen..
LIDHYTTA byrja me å levera i 1975, dei står det manga av i Vossafjella og nabokommunane.Aksjeselskapet Martin Lid Trelast AS vart oppretta i 1990 og i 2010 vart bedrifta medlem av byggevarekjeda Byggtorget.
Join our Candidate Bank
Are you interested in our company? Connect to our Candidate Bank. You will be first to know about our job openings.
Open positions
We have no open positions at this time.