Alsaker Fjordbruk AS
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på!
Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.
I konsernet har me ein kapasitet på omlag 42 millionar settefisk og ein matfiskproduksjon, med utgangspunkt i 22 konsesjonar.
På slakteriet vårt, Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad, har me nyleg gjennomført ei større modernisering, som medfører ei optimalisering, bygd på den mest moderne teknologien som finst på marknaden i dag.
Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden!
Join our Candidate Bank
Are you interested in our company? Connect to our Candidate Bank. You will be first to know about our job openings.
Open positions
We have no open positions at this time.