• Företag
    Austevoll kommune
  • Ansökningstiden
    20.09.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5304181
  • Se här för andra jobb från Austevoll kommune
  • Uppdaterad 31.08.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Austevoll kommune

Barnevernkonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 200 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

Arbeidsstad: 

Barneverntenesta har ledig ein 100% vikarstilling som barnevernkonsulent. Stillinga har ein varigheit på eit år, med god mogelegheit for fast tilsetting.

Barneverntenesta består i dag av 5 tilsette. Me held til i lyse og trivelige lokaler på Storebø. 

Vi søkjer etter ein kollega som ønsker å være med å vidareutvikle barneverntenesta i Austevoll i tråd med oppvekstreforma og ny barnevernslov. Vi ønsker å levere tenester av god kvalitet til barn og deira familiar, og er oppteken av at barneverntenesta gjev den enkelte tilsette gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.  

Arbeidsoppgåver: 

Vi arbeidar utifrå generalistmodellen og barnevernkonsulentane her får erfaring frå alle fasar i ei barnevernsak. Som barnevernkonsulent vil du ha ansvar for å undersøke korleis barn og unge har det, og om det er behov for hjelp eller støtte frå barneverntenesta. Dine arbeidsoppgåver vil være knytt til:  

  • Sakshandsaming etter lov om barneverntjenester 
  • Samarbeid og samtalar med barn og deira familie/nettverk 
  • Skriftlig arbeid og dokumentasjon av arbeidet  
  • Tverrfagleg og tverretatlig samarbeid 

 Kvalifikasjonar : 

Fortrinnsvis ser me etter deg som har bachelor barnevernpedagog eller sosionom, men anna relevant utdanning kan bli vurdert.  Dersom du er i avslutningsfasen av studier kan du vere ein aktuell kandidat som vi i ein overgangsperiode kan tilby ei deltidsstilling som kan kombinerast med studie. Vidare må du:  

  • Kunne formulere deg godt både skriftleg og munnleg, og du bør trivast med skriftleg arbeid. 
  • Kunne møte familiar med respekt og skape tryggleik i deira møte med barnevernet  
  • Være god på dialog og relasjonsarbeid  
  • Ha erfaring frå arbeid med barn 
  • Vere fleksibel, løysingsorientert og ha god arbeidskapasitet. 
  • Ha evna til å prioritere mellom oppgåver og strukturere arbeidsdagen din 
  • Ha førarkort for personbil og gyldig politiattest. 
  • Kompetanse i metodisk foreldreveiledning er ønskeleg: kurs/sertifisering i metoder/verktøy som COS-P, PMTO, ICDP, DUÅ eller barnesamtalen

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.  

Vi tilbyr:

  • Spennande og utfordrande oppgåver i ein teneste i utvikling  
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling gjennom utfordringar og tett oppfølging
  • Jamnleg rettleiing  
  • Fleksibilitet 
  • Løn etter kvalifikasjonar 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar   

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen. 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Företag
    Austevoll kommune
  • Ansökningstiden
    20.09.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5304181
  • Se här för andra jobb från Austevoll kommune
  • Uppdaterad 31.08.2023