• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4250145
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Barnevernkonsulent 4 x 100% fast - Barneverntenesta

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Nyoppretta Barnevernvakt for Askøy og Øygarden kommune.  

Vi søker etter deg som er fagleg nysgjerriginteressert, trygg og relasjonelt modig

Om Barnevernvakta:

Barnevernvakta vil ha ansvar for å ta imot og handtere akutte bekymringsmeldingar som vedkjem barn og familiar i akutte situasjonar/kriser. Samtalar, konfliktløysing, råd og rettleiing til barn, vaksne, familienettverk og samarbeidspartnarar er ein viktig del av barnevernvakta sitt arbeid.  Arbeidet er krevjande og stiller store krav til å handtere vanskelege situasjonar og finne gode løysingar for barn og familiar i den akutte situasjonen. Eit hovudmål i prosjektet er å i størst mogeleg grad førebygge hasteplasseringar og finne gode løysingar i akutte situasjonar i barnet sitt nettverk og nærmiljø, mellom anna gjennom bruk av Familieråd. Aktivt oppsøkande arbeid, utstrakt samarbeid med- og råd og rettleiing til andre instasar ligg også til oppgåvene for ny barnevernvakt.   

I prosjektperioden vil dei tilsette i prosjektet være tilsett i barneverntenestene i hhv Øygarden og Askøy kommunar, med arbeidsoppgåver knytta til prosjekt barnevernvakt.

Barneverntenesta er organisert under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team; einslege mindreårige flyktningar, tiltak/undersøking, ettervern, omsorg og stab. Barnevernvakt vil være ein eigen avdeling. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom autonome team, som skal ha fokus på tett samhandling med andre instansar som tilbyr hjelpetenestar til barn og familiar. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter barnevernlova og forvaltningslova med særskilt fokus på, men ikkje utelukkande, akutte sakar
  • Prosjektarbeid, vidareutvikling av prosjektet i tråd med prosjektplan
  • Deltaking i akuttarbeid
  • Samtalar og samarbeid med barn og foreldre
  • Samtalar og samarbeid med barnets utvida familie og nettverk ved mellom anna bruk av Familieråd
  • Kartleggings-, oppfølging og evalueringsarbeid
  • Dokumentasjonsarbeid
  • Samarbeid med andre instansar / bidra i tenesta sitt informasjons og rådgjevingsarbeid
  • Ved behov representere tenesta i Fylkesnemnd og eventuelt andre rettsinstansar

Til stillingane ligg dagvakter, kveldsvakter samt bakvakt i team kvar 4 veke. 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Minimum treårig høgskuleutdanning i barnevern eller sosialt arbeid
  • Erfaring frå arbeid i barnevern
  • God munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • Førarkort

Ønskjeleg med:

  • Vidareutdanning innan barnevern, sosialt arbeid eller annan relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå barnevernvakt og akuttarbeid innan barnevern 
  • God juridisk kunnskap og forståing innan barnevern- og forvaltningslova
  • God forvaltningskompetanse
  • Fleirkulturell forståing
  • Toleranse for høgt arbeidstempo og kjenslemessige utfordringar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter

Personlege eigenskapar:

  • Lyst, evne og initiativ til nytenking og nyskaping
  • Evne til å skape tillit og relasjonar til barn, ungdom og vaksne
  • Evne til å arbeide målretta, systematisk og strukturert under press, sjølvstendig og i eit team
  • Evne til å skilje mellom, og formulere, fakta, analyse og vurderingar
  • Evne til å formidle eigen kunnskap og open for ny læring, endring og utvikling
  • Trygg på barneverntenesta sitt samfunnsoppdrag og rolleforståing
  • Bevisstheit kring eigne haldningar og verdiar både ovanfor barn og familiar samt i arbeidsmiljøet
  • Evne til å halde eigen ro i krevjande situasjonar
  • Evne til å vise respekt, samt være audmjuk og raus i møte med barn og familiar i kritiske situasjonar

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt saman med målet om å skape eit godt fungerande team.

Anna:

  • Det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing
  • Det kan være aktuelt å tilsetje i lågare stilligsstorleik etter ønskje

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4250145
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune