Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
21.05.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5173442Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 05.05.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Barnekoordinator
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal Kommune styrker arbeidet retta mot barn unge og familiar. I samband med lovfesta rett til barnekoordinator jmf, lov om helse og omsorgstenester, §7.2a , vert det oppretta ei ny stilling som barnekoordinator i 100% stilling.
Stillinga er organisatorisk plassert i Oppvekst under tenesteeining Helsestasjon, og vil samarbeide tett med alle tenester til barn og unge.
Arbeidsoppgåver:
- vere koordinator av tenestetilbodet for familiar med barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, som har behov for langvarige og koordinerte helse-, omsorgs- og velferdstenester.
- Opparbeide god oversikt over kommunale tenester, spesialisthelsetenester og andre relevante aktørar, og legge til rette for god samhandling mellom desse.
- rettleie born og føresette i deira kontakt med dei ulike tenestene.
- ansvar for framdrift i arbeidet med individuell plan
- Andre oppgåver kan tilkomme
- Leie og koordinere ansvarsgruppemøter - IP møter og samarbeidsmøter rundt barnet og familie
Kvalifikasjonar
Må ha:
- minimum 3-årig bachelor innan helse /sosialfag
- erfaring frå arbeid med barn og unge
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Søkjarar med spesialpedagogisk kompetanse eller anna relevant høgskule utdanning kan også verte vurdert.
Ønskjeleg med:
- erfaring med tverrfagleg samarbeid og god systemforståing
- god digital kompetanse t.d kjennskap til sak/arkivsystem, VISMA
- kjennskap til lov og forskrift som regulerar tenestene
- kjennskap til dei ulike kommunale tenestene
Personlege eigenskapar:
- positiv og imøtekommande, evne til å bygge gode relasjonar
- god evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk og strukturert
- gode kommunikasjons og samhandlingsferdigheite
- ha god rolleforståing
- endringsvillig
- vere påliteleg og lojal
- høg arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Du må pårekne reiseverksemd, ha tilgang til bil og ha førerkort kl B
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
21.05.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5173442Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 05.05.2023