Ledig stilling

Askvoll kommune

Barnehagestyrar i Holmedal barnehage - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vår noverande styrar i Holmedal barnehage går av med pensjon, og vi søkjer ein ny engasjert barnehagestyrar i fast 100% stilling som vil ta stafettpinnen vidare. Vi ønskjer deg som vil leie barnehagen gjennom vidare utvikling og sikre eit trygt og inspirerande læringsmiljø for barna.

Det er i Holmedal barnehage sett av tid til leiing og administrasjon som for tida utgjer 60% av stillinga.

Holmedal barnehage ligg ved den vakre Dalsfjorden og vi har kort veg til fjæra. Vi har og nærleik til både fjell, skog, fotballbane og er glad i å gå på tur både med og utan niste.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Styrar har hovudansvar for heile barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov ombarnehage, Rammeplan for barnehage og Askvoll kommune sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar.
  • Styrar er arbeidsgivar sin representant på arbeidsplassen, og pliktar å vere lojal overfor arbeidsgjevar sine vedtak og avgjerder.
  • Styrar har hovudansvar for utvikling og endringsarbeid i barnehagen.
  • Styrar har ansvar for vidareutvikling av sin faglege kompetanse og å nytte denne i det daglege og langsiktige arbeidet.
  • Styrar arbeider i nettverk med dei 4 andre barnehagestyrarane i kommunen, og deltek også aktivt i kvalitets- og leiarutvikling i samarbeid med andre kommunar i regionen.

 

Kvalifikasjonar:

  • Askvoll kommune legg vekt på styrar sitt ansvar for den pedagogiske leiinga i barnehagen.
  • Det er krav om utdanning som barnehagelærar, og vidareutdanning og/eller erfaring innan leiing er ein fordel. 
  • Barnehagane nyttar ulike dataverktøy i utøving av leiaroppgåver. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT.

 

Personlege eigenskapar:

  • Har eit stort pedagogisk hjarte og gode leiareigenskapar
  • Er løysings- og utviklingsorientert
  • Kan inspirere, syne omsorg og interesse for det einskilde barn og medarbeidar
  • Har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • Har gode samarbeidsevner og arbeider strukturert og målretta

 

Vi tilbyr: 

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar offentleg pensjonsordning (KLP

Dersom den som vert tilsett manglar leiarutdanning, så legg arbeidsgjevar til rette for at utdanning innan leiing i barnehagar kan bli tatt.

For nærare opplysningar ta kontakt med oss.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.