Ledig stilling

Askvoll kommune

Barnehagestyrar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Røverompa barnehage er ein 5 avdelings barnehage i Askvoll sentrum, nær både skog og mark, sjø, klatrepark, fotballbane, idrettshall og kommunesenter, og har såleis eit allsidig og rikt nærmiljø. Barnehagen har f.t  cirka 19 årsverk, med omlag like mange pedagogiske leiarar  som fagarbeidarar/assistentar. Leiingsressursen er for tida på 1,6 årsverk, fordelt mellom styrar og assisterande styrar. Barnehagen har aktiviteten sin i to bygg i same nærområde, og i tillegg er den eine avdelinga organisert som ein utebarnehage. 


Vi har frå 02.01.2024 ledig 100% fast stilling som styrar i Røverompa barnehage, men seinare oppstart kan avtalast.
 

 

Arbeidsoppgåver

  • Styrar har hovudansvar for heile barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov om barnehage, Rammeplan for barnehage og Askvoll kommune sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar. Styrar er arbeidsgivar sin representant på arbeidsplassen, og pliktar å vere lojal overfor arbeidsgjevar sine vedtak og avgjerder. Styrar har personal- og økonomiansvar, og har også hovudansvar for utvikling og endringsarbeid i barnehagen. Styrar har ansvar for vidareutvikling av sin faglege kompetanse og å nytte denne i det daglege og langsiktige arbeidet.
  • Styrar arbeider i nettverk med dei 4 andre barnehagestyrarane i kommunen, og deltek også aktivt i kvalitets- og leiarutvikling i samarbeid med fem andre kommunar i regionen. I Askvoll er det politisk vedteke at det skal vere to pedagogar per avdeling.

Kvalifikasjonar

  • Askvoll kommune legg vekt på styrar sitt ansvar for den pedagogiske leiinga i barnehagen. Det er krav om utdanning som barnehagelærar, og vidareutdanning og/eller erfaring innan leiing er ein fordel. Om den som vert tilsett ikkje har utdanning innan leiing, må vedkomande vere villig å ta utdanning tilsvarande styrarskulen innan det har gått fire år etter tilsetjing.
  • Barnehagane nyttar ulike dataverktøy i utøving av leiaroppgåver. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT.
  • Det er ynskjeleg at vedkomande har erfaring med personalarbeid og økonomistyring

 Personlege eigenskapar vert vektlagt, og vi søkjer deg som:

  • Har eit stort pedagogisk hjarte og gode leiareigenskapar
  • Er løysings- og utviklingsorientert
  • Kan inspirere, syne omsorg og interesse for det einskilde barn og medarbeidar
  • Har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • Har gode samarbeidsevner og arbeider strukturert og målretta

Vi tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad

 

For nærare opplysningar ta kontakt med  kommunalsjef Kristen Holt, tlf. 99446068.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.  Stillinga er i utgangspunktet ledig frå 02,01,2024, men vi er opne for å avtale evt. seinare oppstart.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.