• Företag
    Austrheim kommune
  • Ansökningstiden
    04.04.2017
  • Anställningsform
    workTime.Fast
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Bachelor
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5943, AUSTRHEIM
    AUSTRHEIM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    415418
  • Se här för andra jobb från Austrheim kommune
  • Uppdaterad 15.03.2017
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Austrheim kommune

Barnehagelærarstillingar ved Austrheim kystbarnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.08.2017 vil det bli ledig eit tal barnehagelærar stillingar, både fast og vikariat for barnehageåret 2017/2018.

Opplysninger avdeling

Austrheim kystbarnehage stod ferdig i 2013 og er ein av dei to kommunale barnehagane i Austrheim. Barnehagen har i dag 103 barn som er fordelt på 6 avdelingar. Det er 37 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Me er stolt og fornøyd med utforminga av den nye barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare. Avdelingane har eit stort opphaldsrom , i tillegg gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Alle avdelingane har eigen inngang med eigen grov - og fingarderobe. 
Rundt oss har me, for utan ein fantastisk leikeplass, flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø. Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg. Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje barna gode opplevingar og la dei erfare det beste med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen.

Krav til kompetanse

Me ynskjer personale som kvar dag møter barna med varme, omsorg og engasjement. Store deler av personalgruppa har gjennomført Duå, De utrolige årene, og dette er ein viktig reiskap i arbeidet for å ivareta borna. I ein travel kvardag er me avhengige av barnehagelærarar som planlegg og gjennomfører aktiviteter som samsvarar barnehagen sine mål og føresetnader. Ein som samarbeider, er kreativ og arbeider sjølvstendig, som arbeider for å gje borna ei rik og allsidig utvikling og motiverer til leik og læring.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt styrar Britt Ystebø tlf. 56 16 21 70.

Vi kan tilby

Eit fagleg og godt arbeidsmiljø. 
Gode arbeidsplassar og godt tilrettelagte tiltak for planlegging. 
I samarbeid med personalet og styrar har du som barnehagelærar hjå oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlaget i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontaktinfo:
Britt Ystebø, Styrar Aurstheim Kystbarnehage, britt.ystebo@austrheim.kommune.no, 918 12 728

 

  • Företag
    Austrheim kommune
  • Ansökningstiden
    04.04.2017
  • Anställningsform
    workTime.Fast
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Bachelor
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5943, AUSTRHEIM
    AUSTRHEIM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    415418
  • Se här för andra jobb från Austrheim kommune
  • Uppdaterad 15.03.2017