• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3444471
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 23.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Barnehagelærarar/pedagogiske leiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol barnehage har ledige stillingar som barnehagelærarar/pedagogiske leiarar frå august 2021.
- Ei stilling er ledig frå mai

- Ei stilling med spesialpedagogisk tilleggsutdanning

Annonsen gjeld og andre pedagogstillingar som kan bli ledig.

• Heil og/eller deltid fast stilling som barnehagelærarar/pedagogiske leiarar
• Heil og /eller deltid vikariat som barnehagelærarar/pedagogiske leiarar

Gol barnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eigen naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 – 5/6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.

I Gol barnehage arbeidar vi med ein kontinuerlig utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltar i regionale utviklingsprosjekt. Vi er med i den nasjonale satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehage, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet enten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og i heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.

Dine kvalifikasjonar:
• Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
• Erfaring frå barnehage
• Bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi ynskjer oss av deg:
• Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
• Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid - deltakande i vidareføring av utviklingsarbeid i barnehagen
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Fleksibilitet

Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
• Stillingsbeskriving

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.
• Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3444471
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 23.02.2021