• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4665082
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Barnehagelærarar/fagarbeidarar/assistentar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledige stillingar  i Ylvisåker barnehage/Norane oppvekstsenter i Sogndal kommune frå 11.08.2022:

Inntil 100 % fast stilling som barnehagelærar/ spes.ped. tiltak.

Inntil 100% vikariat som barnehagelærar 11.08.2022 - 10.08.2023 som barnehagelærar/ spes.ped. tiltak.

Inntil 100% fast stilling som fagarbeidar/assistent.

Inntil 100% vikariat som fagarbeidar/assistent 11.08.2022 - 10.08.2023

Eventuelt andre ledige stillinngar

 

Arbeidsoppgåver:

Som barnehagelærar har du ansvar for å planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet på din avdeling. Du skal bidra til godt samarbeid med barn, personale, foreldre og andre samarbeidspartnarar. Det er viktig at du held deg oppdatert på fagfeltet, og gir rettleiing og tilbakemelding til personale på avdelinga di, og involvera dei i planarbeidet og gjennomføringa.

Som fagarbeidar/assistent har du medansvar det for det pedagogisk målretta arbeid og omsorg for barne i barnehagen. Du skal bidra til godt samarbeid med barn, personale, foreldre og skape gode aktivitetar for barna i tråd med barnehagen sine verdiar. Det er viktig at du deltek i utviklingsarbeid, tek ansvar for eigne aktivitetar og tek imot rettleiing.

 

Kompetanse og kvalifikasjonar:

For barnehagelærar: Utdanning som barnehagelærar ev. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

For fagarbeidar: Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, erfaring frå arbeid i barnehage eller eventuelt anna relevant utdanning.

 

Andre kvalifikasjonar:

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå spesialpedagogisk arbeid.
  • Det er ønskjeleg med interesse for, og kompetanse innan tilrettelegging for friluftsliv og fysisk aktivitet for barn samt symjefagleg kompetanse.     
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå spesialpedagogisk arbeid.
  • Beherske relevante IKT verktøy og system.   
  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
  • Det vert stilt krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskap ved tilsetjing.

 

Personlege eigenskapar:

  • God relasjonskompetanse
  • Positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne og vilje til samarbeid for eit godt arbeidsmiljø
  • Omsorgsfull og anerkjennande 
  • Engasjert, positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner
  • Aktiv, leikande og engasjert.
  • Glede og interesse for å arbeid med barn

 

I tillegg må du som barnehagelærar:

  • Motivere, rettleie og støtte personalet i det pedagogiske arbeidet.
  • Ha gode leiareigenskapar og evne å vere i utvikling.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne eller minoritetsbakgrunn. Menn vert oppmoda til å søkje. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4665082
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune