Ledig stilling

Sogndal kommune

Barnehagelærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr. I Sogndal kommune er det totalt 16 barnehagar, der 12 av barnehagane er kommunale barnehagar 

 

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

SamskapandeOpen – God - Nysjerrig  

 

Det er ledige stillingar som barnehagelærarar i desse barnehagane i Sogndal kommune:

 

Furuli barnehage, Kaupanger:  

  • 100% vikariat som barnehagelærar 17.01.2024-31.12.2024

 

Fosshagen barnehage, Sogndal:

  • 60% vikariat som barnehagelærar  01.01.2024 -31.12.2025 
  • 40% vikariat som barnehagelærar frå snarast  til 11.08.2024

 

Nybø barnehage, Leikanger:  

  • ledig  100% fast stilling som barnehagelærar frå 29.01.2024. 20% av stillinga  er pr. i dag eit vikariat som pedagogisk leiar. 
  • ledig 100% vikariat frå 27.04.2024-26.04.2025 som pedagogisk leiar. 
  • ledig 100% vikariat frå 01.06.2024-31.05.2025 som pedagogisk leiar.

 

Sagatun barnehage, Balestrand:

  • 60% vikariat som barnehagelærar frå snarast til 31.07.24 

 

Kjørnes barnehage, Sogndal:

  • 100% fast stilling som barnehagelærr frå 02.01.2024.

Eventuelt andre ledige stillingar som barnehagelærar som vert ledige i Sogndalsbarnehagen vinter/vår 2024

 

Arbeidsoppgåver:  

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø  
  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet  
  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet  
  • fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen  
  • bidra til eit godt samarbeid med føresette  
  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar  

 

Kvalifikasjonar:  

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse  
  • erfaring frå arbeid i barnehage  
  • føremon med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing i nokon av stillingane  
  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage  
  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg  
  • menn vert oppmoda om å søkje  
 

 

Personlege eigenskapar:  

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar  
  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar  
  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette  
  • likar å arbeida i lag med andre  
  • fleksibel 
  • taklar høgt tempo i kvardagen  
  • fyrstehjelpskompetanse  
  • godt humør 

 

Me tilbyr: 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • gode velferdsordningar 

 

Arbeidsstad:

I søknaden din må du rangere kva stilling du søkjer på i prioritert rekkefølgje

 

Kontaktinformasjon for stillingane er: 

Kjørnes barnehage:           

Mette Johannessen, styrar 

E-post: mette.johannessen@sogndal.kommune.no   

Tlf: 90 63 77 18 

 

Fosshagen utdanningsbarnehage: 

Heidi Austrheim, styrar 

Tlf: 95 78 14 94 

 

Furuli barnehage:                                                                                                              

Heidi Solvoll Navarsete, styrar                                                                                                  

E-Post: heidi.solvoll.navarsete@sogndal.kommune.no                                                       

Tlf: 95 15 21 06 

 

Nybø barnehage: 

Ingebjørg Breisnes, styrar 

Tlf: 91 79 06 52 

 

Sagatun barnehage:                   

Anne Buene, styrar                                                                                                         

E-post: anne.buene@sogndal.kommune.no                                                                           

Tlf: 47 38 27 08 

 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vinter/vår. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Politiattest må leggast fram før tilsetjing 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.