• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    02.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5083429
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 21.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Barnehagelærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr. I Sogndal kommune er det totalt 16 barnehagar, der 12 av barnehagane er kommunale barnehagar. Sogndal kommune har tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, der me mellom anna er praksisbarnehagar for barnehagelærarstudentar. 

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

SamskapandeOpenGod - Nysgjerrig 

 

Det er ledige stillingar som barnehagelærarar i desse barnehagane i Sogndal kommune: 

 

Furuli Barnehage: 

100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.04.2023. 

 

Kvernhushaugen barnehage 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23-10.05.24. 

 

Kjørnes barnehage:  

60% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.23. 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23 - 31.07.24. 

 

Kyrkjebakken barnehage:  

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23 - 31.07.24. 

 

Fosshagen barnehage:  

100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.23. 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23 - 31.07.24. 

 

Ylvisåker barnehage / Norane oppvekstsenter:  

2 x 100% faste stillingar som barnehagelærar frå 01.08.23. 

 

Nybø barnehage:  

100 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.23. 

 

Nokre av stillingane som barnehagelærarar vil og ha funksjon som pedagogisk leiar for avdeling i barnehagen 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø 

  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet 

  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet 

  • fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen 

  • bidra til eit godt samarbeid med føresette 

  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar 

 

Kvalifikasjonar: 

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse 

  • gjerne erfaring frå barnehage 

  • ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing i nokon av stillingane 

  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage 

  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg 

  • menn vert oppmoda om å søkje 

 

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 

  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar 

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette 

  • likar å arbeida i lag med andre 

  • taklar høgt tempo i kvardagen 

  • fyrstehjelpskompetanse  

  • godt humør 

 

Me tilbyr: 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • gode velferdsordningar 

 

Arbeidsstad:  

I søknaden din må du rangere kva stilling du søkjer på i prioritert rekkefølge. 

 

Kontaktinformasjon for stillingane er: 

Furuli barnehage: Heidi Solvoll Navarsete, heidi.solvoll.navarsete@sogndal.kommune.no – tlf 95152106 

-Kvernhushaugen barnehage:  Merete Lefdalmerete.lefdal@sogndal.kommune.no  tlf 47010283 

-Kjørnes barnehage:  Mette Johannesenmette.johannesen@sogndal.kommune.no  tlf 90637718 

-Fosshagen barnehage:  Heidi Austrheimheidi.austrheim@sogndal.kommune.no -tlf 95781494   

-Ylvisåker barnehage:  Anne Siri Bentsenanne.siri.bentsen@sogndal.kommune.no – tlf 41693310 

-Nybø barnehage:  Ingebjørg Breisnesingebjorg.breisnes@sogndal.kommune.no  tlf 91790652 

 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne hovudutlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vår/sommarSøkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Melegg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 
 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    02.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5083429
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 21.03.2023