Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
23.04.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6052, GISKE
GISKE
Antall stillinger
1karriere-kode
5673904Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Barnehagelærar ved Giske barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig 100 % stilling som barnehagelærar ved Giske barnehage frå 01.08.2024.
Barnehagen har fire avdelingar med omlag 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur.
Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.
Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Menn blir oppmoda om å søkje.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Barnehagelærarutdanning
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
- Evne og vilje til å vere motiverande og tydeleg
- Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
- Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid
- Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr:
- Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
23.04.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6052, GISKE
GISKE
Antall stillinger
1karriere-kode
5673904Se her for andre jobber fra Giske Kommune