• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    16.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5086474
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 22.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Barnehagelærar - Sando barnehage

Offentlig forvaltning

Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar i Sando barnehage med oppstart 01.08.2023. 

Sando barnehage er ein godt etablert to-avdelings barnehage som opna i 2013. Barnehagen ligg flott til med fleire gode turmoglegheiter i nærområdet, deriblant gapahuken og lavvoen vår som begge ligg i fin avstand frå barnehagen. I Sando likar me å vere aktive, både inne og ute. Satsingsområdet vårt er friluftsliv; her tek me med barna på mange ulike turar gjennom året og dei yngste er blant anna med på hengekøyeturar. Me søkjer deg som ønskjer å bidra til barnehagen sin utvikling, arbeide med friluftsliv og som er interessert i å gjere ein forskjell for dei barna du møter i kvardagen. Vår visjon er "Verdas beste start, eit hav av moglegheiter". Det sentrale i vårt pedagogiske arbeid er leik, læring, samspel og mestring. Vil du vite meir om våre særtrekk og korleis me arbeider, les meir på vår heimeside www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar
Krav om utdanning som barnehagelærar.

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ønskjer søkjarar som brenn for barnehageyrket, barns beste og ser enkeltbarnet. 

Me ser etter ein person som likar utfordringar, er omsorgsfull og jobber godt under press og har ein evne til å skape engasjement. Ein som lnskjer å delta i barnas leik og utvikling, er oppteken av og interessert i barns fysiske og psykiske helse gjennom arbeid med naturen og har gode kommunikasjons- og formidlingsevner. 

Og dersom du og er løysningsorientert, fleksibel og lojal, er det ikkje noko å lure på, send ein søknad.

Menn vert oppmoda om å søkje. Hallingdal har regional MIB-gruppe (menn i barnehage).

Me tilbyr

  • ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte vaksne, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • hjelp til å skaffe bustad
  • pensjonsordning KLP

Lønnsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Intervju vert gjennomført fortløpande etter kvart som søknadane vert motteke.



Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    16.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5086474
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 22.03.2023